
- Me bør gjera Marsteinen fyr like viktig for innseglinga til Vestlandet som Fridomsstatuen for New York, oppmoda Austevoll-ordførar Helge Andre Njåstad i si velkomsthelsing.
Ein ekte Salhus-stril sette deltakarane i den rette kystkulturstemninga i konferansesenteret på Clarion Hotel Admiral. Cato Jensen opna med å erklære seg som ekte museumsvare frå Trikotasjemuseumsbygda Salhus på ekte striladialekt. Jensen si musikalske opning var ein potpurri med kjære og velkjende låtar som Dar kjem dampen og Ferjebilletøren.
- Er det mange her som kjenner til Salhuskvintetten?
- Ja!
- Då har de ikkje lenge att, konstaterte Jensen og serverte 2008-versjonen av ”Gryta hennar mor” til stor muntrasjon for publikum.
Kystkulturen må fram i lyset
For sjette året på rad inviterar Riksantikvaren, ABM-utvikling, Fiskeridirektoratet og Kystverket til nasjonal kystkulturkonferanse. Hovudføremålet med desse konferansane er å synleggjera breidda i den historiske kystkulturen og syne korleis kysten si kulturarv kan vere ein ressurs for utvikling av kystsamfunn. Konferansen har blitt ein møtestad for ulike miljø frå heile landet over fag- og sektorgrenser for gjensidig kunnskapsutveksling, inspirasjon og utvikling. Kulturmøter er valt som hovudtema i mangfaldsåret 2008.
Austevoll-ordførar og leiar i Kultur- og ressursutvalet, Helge Andre Njåstad, hadde fire sentrale punkt i si velkomsthelsing.
- Det er få som deler ut så mange millionar til kulturlivet som Kultur- og ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune. Mitt mål er at vi etter denne fireårsperioden har satt vårt preg på kulturlivet og ha marknadsført vårt arbeid. Det blir viktig å setje kystkulturen endå meir på dagsorden, meiner Njåstad.

I Austevoll gjer dei dette mellom anna ved sitt nye konsept Den maritime barnehagen. Her skal borna heilt frå eittårsalderen lærast opp til å bli gode sjøfolk og læra om kystkultur som ein naturleg del av kvardagen. Eit konsept dei gladeleg vil dela med resten av Vestlandet og kystnorge.
- Ei stor utfordring vert den nye Plan- og bygningslova og restriksjonane for 100-metersbeltet. I Austevoll kan du ikkje byggja eit naust 100 meter frå sjøen utan å kome inn på 100-metersgrensa på andre sida, slo Njåstad fast. Han var difor kritisk til både Fylkesmannen og Hordaland fylkeskommune sitt rådgjevingsverkty ” Råd om planlegging og forvaltning av strandsona i Hordaland”.
Musikalsk strilehumor ved Cato Jensen slo godt an blant det rekordstore publikummet på den sjette nasjonale Kystkulturkonferansen som opna i dag.
Viktig konferanse
Knut Baar Kristoffersen frå Kystverket sitt hovudkontor slo fast at Den nasjonale kystkulturkonferansen er viktig, og at det kjem konkrete resultat ut av den.
Geir Atle Ersland frå Museum Vest og Universitetet i Bergen var første fagmann ut med sitt føredrag om Det fleirkulturelle Bergen.
- Sjølvsagt er det dei lokale eldsjelene som kjem opp med og kjempar fram ideane, men kystkulturkonferansen er ein møteplass der me synleggjer desse gode ideane og skapar gjennomslag og får fram framtidige prosjekt, meinte Kristoffersen. Han synte til døme frå den første nasjonale kystkulturkonferansen i Kristiansund 2003 der mellom anna ideen om Den indre farleia vart heist fram.
Det er Riksantikvaren, ABM-utvikling, Fiskeridirektoratet og Kystverket som står bak konferansen. I år i samarbeid med Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune.
Program Kystkulturkonferansen 2008.pdf