Hordaland fylkeskommune deler i 2008 ut ein til tre kulturarbeidarprisar til enkeltpersonar, grupper, lag eller organisasjonar som har utmerkt seg med eit kulturarbeid som har eller har hatt mykje å seia for kulturlivet i Hordaland.
Enkeltperson skal vera fødd og/eller busett i fylket. Gruppe, lag eller organisasjon må ha sitt virke i fylket.
Kriteria for å få prisen er:
- Enkeltperson/ gruppe/ lag/ organisasjon skal vera direkte knytt til Hordaland. (Enkeltperson skal vera fødd og/eller busett i fylket. Gruppe, lag eller organisasjon må ha sitt virke i fylket.)
- Den kulturelle aktiviteten som prisen blir gitt på grunnlag av, skal ha eller ha hatt mykje å seia for kulturlivet i heile eller deler av fylket.
Dersom prisen vert delt på tre kandidatar skal det vera ein hovudpris på 30 000 kroner, og to mindre prisar på 10 000 kroner kvar. Det står alle fritt å føreslå kandidatar til kulturarbeidarprisen. Forslaget skal vera grunngjeve.
Send forslaget ditt til:
Hordaland fylkeskommune
Kultur- og idrettsavdelinga
Postboks 7900
5020 Bergen
E-post: kultur@post.hfk.no
Frist: 25. juni 2008.
Nærmare opplysingar hos:
Ronny B. Skaar, tlf. 55 23 91 77, e-post: ronny.skaar@post.hfk.no
Tildeling av kulturarbeidarprisen for 2007
Den første utdelinga kulturarbeidarprisen i 2006