Hordaland fylkeskommune har prioritert Os kunst- og kultursenter på topp i den statlege tilskotsordninga «Tilskot til regionale møteplassar og formidlingsarenaer for kultur». - Målet vårt er å få 47 millionar kroner frå Kultur- og kyrkjedepartementet til
Fylkeskommune er beden om å prioritera mellom dei 5 søknadane frå Hordaland som er komne til departementet i 2008 om desse midlane.
Os først
Utvalet sette Os kunst- og kultursenter på fyrste plass. - Det gjorde me fordi dette er eit svært viktig prosjekt som kan gje kunst- og kulturformidlinga i fylket eit løft. Spesielt har dette prosjektet utmerka seg med god og profesjonell framdrift frå kommunen si side saman med solide samarbeidspartnarar. Det gjer oss trygge på at dette er eit prosjekt som det er vilje til å få realisert, seier Njåstad.
Prosjektet er totalt kostnadsrekna til 142,1 mill. kr. Det vert søkt om 1/3 av nettokostnadane gjennom denne tilskotsordninga.
Lista vidare
På dei neste plassane prioriterte kulturutvalet slik:
2. Hardinghuset - Norheimsund
3. Grieghallen
4. Kunstnarhus i Fartein Valen landskap
5. Hordamuseet - Båthall
Fylkeskommunen vonar at fleire enn eit prosjekt kan få statlege midlar.