Hordalandskonferansen 2008

Hordalandskonferansen går av stabelen 27. og 28. mai på Hardangerfjord hotell, Øystese. Konferansen er ein møteplass mellom kommunane og fylkeskommunen for å drøfte felles utfordringar og strategiar for fylket vårt. Konferansen skal mellom anna ta opp kor

Konferansen startar tysdag 27. mai klokka 17.00 med avslutning ca klokka 15.00 dagen etter. Fylkesordførar Torill Selsvoll Nyborg skal innleie under temaet: ”Hordaland i dag: Korleis har vi det – og korleis vil vi ha det?” etterfølgt av debatt med opning for både innspel, gladmeldingar og hjartesukk.

Den kjende skribenten og sosiologen Andreas Hompland skal fortelje om korleis ”Ordføraren skal gjere skulen god og bygda attraktiv!”

Dag to har to ulike tema: Det eine går på utdanning i Hordaland og korleis vi skal gjere hordalandselevane endå betre. Det andre går på kva som kjenneteiknar eit attraktiv lokalsamfunn og korleis kan eit lokalsamfunn bli attraktivt.
Konferansen blir avslutta med den kjende sogningen Finn Tokvam som skal dra skråblikk på fortid og notid under tittel ”Då eg vaks opp….”

Alle kommunane i fylket er invitert til å delta med ordførar og rådmann. Fylkesmannen og hans næraste leiarar er og inviterte. Frå fylkeskommunen møter fylkesordførar, fylkesutvalet, representantar for Kultur- og ressursutvalet, samferdselsutvalet, Opplærings- og helseutvalet, Kontrollutvalet, samt fylkesrådmannen og toppleiarane.

Program for konferansen (pdf)

20.05.2008 09:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart