Fylkesstøtte til Os kunst- og kultursenter

Os kommune får 4,5 mill. kr i tilskot frå Hordaland fylkeskommune til Os kunst- og kultursenter, har Hordaland fylkesutval vedteke. Fylkesutvalet lovar også at det skal vurderast ytterlegare tilskot når midlar for 2010 vert lyste ut.

Tilskotet til kunst- og kultursenteret er tildelt frå fylkeskommunen sine konsesjonskraftmidlar til regionale utviklingsprosjektet. Løyvinga er fordelt med 2 mill. kr i 2008 og 2,5 mill. kr i 2009.

Samla kostnadsramme for Os kunst- og kultursenter er kr 175,8  millionar inkl. mva. Os kommune ser for seg at Grieg Foundation, Os kommune/Hordaland fylkeskommune/lokale donatorar og Staten (KKD) tek kvar sin tredel av finansieringa. Kommunen har søkt om 10 mill. kr i konsesjonskraftmidlar. I denne omgang yter fylkeskommunen 4,5 mill. kr.

Fylkeskommunen har prioritert Os kunst- og kultursenter på topp den statlege tilskotsordninga «Tilskot til regionale møteplassar og formidlingsarenaer for kultur».

Målet med senteret er å dekkja lokale behov for kulturlivet i Os kommune, men også å få ein sentral funksjon som arena for produksjon, utøving og formidling av kunst og kultur i bergensregionen. Det vil også gje rom for eit breitt kunst- og kulturtilbod, med stor publikumsappel både nasjonalt og internasjonalt, heiter det i saksutgreiinga.

Senteret er planlagt lagt til Mobergsneset, og skal liggja sørvendt mot Bjørnefjorden med utsikt mot hardangerfjella og Folgefonna. Prosjektet er i følgje kommunen  ein del av eit større tettstadsutviklingsprosjekt på Osøyro i regi av Os Sjøfront AS med bustader, næringsareal, ny molo, kaifrontar og småbåthamn.

Pressemelding om tildeling om utviklingsmidlar (pdf-fil)

Pressemelding frå fylkesutvalet 22. mai 2008

Stanley Hauge 22.05.2008 18:32
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart