Under ein høgtideleg seremoni på Os vidaregåande skule 8. mai overrekte elevar ved skulen 80.000 kroner til ein skule i Bulgaria for barn med kronisk, fysiske sjukdomar i lever, nyre og mage.

Under den høgtidelege seremonien på Os vidaregåande skule vart 80.000 kroner overrekt til den bulgarske skulen for elevar med kronisk, fysiske skadar i lever, nyre og mage: Rektor Bjørn Birknes, fylkesopplæringsdirektør i Bulgaria, Alexander Buzdrev, elevrådsleiar Maiken Søreng, leiar for aksjonen Daniel Roen, rektor Velko Gospodinov og bibliotekar Krassi Rynning frå Bulgaria som har formidla kontakten. foto: Bjarte Brask Eriksen
Hjelpeaksjon
Rektor Velko Gospodnov på den bulgarske skulen St. Ivan Rilski tok imot pengane saman med den bulgarske fylkesopplæringsdirektøren Alexander Buzdrev. Pengane vart samla inn under den årlege hjelpeaksjonen som elevane ved skulen gjenomfører. For andre år på rad satsar elevane på eit alternativ til Operasjon Dagsverk. I fjor fekk skulen i Bulgaria 68.000 kroner.
Nye møblar
– Pengane går til ein internatskule for elevar frå 1. til 8. klasse. Dette er den einaste i sitt slag i Bulgaria. Pengane skal brukast til å restaurere soverom og interiør på internatet, mellom anna til sengar og nye møblar. Klasseromma skal og få nye møblar. I fjor gjekk pengane til å bygge treningsrom. Med pengane frå i år blir dette no fullført, seier aksjonsleiar Daniel Roen.