
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (f.v.), Hordalandskunstnaren Pedro Carmona Alvarez og fylkeskultursjef Ingebjørg Astrup deltok under utdelinga av Gullsekken. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Nominert
Vandreutstillinga ”Chillegrunn” produsert av Hordaland fylkeskommune for Den kulturelle skulesekken var ein av fire produksjonar som vart nominert til Gullsekken 2008: Den kulturelle skulesekkens eigen pris.
Vi er blitt lagt merke til
Artisten Sissel Kyrkjebø og direktør i Norsk Tipping, Axel Krogvig delte ut Gullsekken til animasjonsfilmen ”Asylsøkere” laga av Kaja Wright Polmar, Akershus. ”Chillegrunn” fekk heiderleg omtale av juryen og ein av kunstnarane bak utstillinga, Pedro Carmona Alvarez, tok imot blomster under utdelinga. Det skjedde i Tårnsalen til Bergens kunstmuseum.
– Det var svært kjekt å bli nominert, seier fylkeskultursjef Ingebjørg Astrup.
– Vi er blitt lagt merke til. Barn og unge er ekstremt utolmodige, men er og opne og rause, så om du greier å kommunisere med dei, er det bra, seier Pedro Carmona Alvarez.
Dans og foto
Dei to andre produksjonane som fekk heiderleg omtale og blomster, var danseførestellinga ”Så tag nu mine hender” av Hege Haagenrud, Telemark og fotoprosjektet ”Se meg!” av Eivind Lentz, Vestfold.
Beste skule
Gullsekken vart og delt ut til beste skule for kultursatsing. Vinnar vart grunnskulane i Bamle kommune i Telemark. Dei tre skulane som fekk blomsterog heiderleg omtale var Tylldalen skole i Tynset, Søre Ål barneskole i Lillehammer og Lillesand ungdomsskole i Lillesand.
167 millionar kroner
Dette var andre året på rad Gullsekken vart delt ut. Den kulturelle skulesekken vart i fjor finansiert med 167 millionar kroner av spelemidlane til Norsk Tipping.
Meir om vandreutstillinga "Chillegrunn"