Bergen Katedralskole stengt frå måndag 2. juni

Bergen Katedralskole vert stengt frå måndag 2. juni frå morgonen av på grunn av streikesituasjonen. Men privatisteksamenar som skal gå i lokale ved katedralskulen, vil gå som planlagt framover.

Bergen Katedralskole vert stengt frå måndag morgon 2. juni.Bergen Katedralskole vert stengt inntil vidare på grunn av at det frå måndag 2. juni ikkje vil vera ansvarleg leiar til stades på skulen. Alle i skuleleiinga er tekne ut i streik eller er i planlagt permisjon.

Elevar og tilsette skal ikkje møta på skulen frå måndag 2. juni.

Bergen Katedralskole vert stengt frå måndag morgon 2. juni.

 
Fritekne
Dei tilsette ved katedralskulen som ikkje er i streik, vert fritekne frå arbeidsplikta i den tida skulen er stengt. Driftsleiarar ved skulen, som administrativt sorterer under eigedomssjefen, vil vera til stades som vanleg.

Privatisteksamen vert halden
Privatisteksamen som skal gjennomførast i lokale ved katedralskulen, vil gå som planlagt i tida framover. Avviklinga skjer i regi av Eksamenskontoret. Fylkeskommunen har fått dispensasjon til dette.

Stengjer ikkje fleire skular no
Det er for tida ikkje aktuelt å stengja nokon av dei andre åtte vidaregåande skulane der det er streik.

Stanley Hauge 30.05.2008 11:17
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart