22 prosjekt vart vurderte ved tildelinga for 2008-09, som fylkesutvalet vedtok 22. mai. Seks prosjekt får tilskot på i alt 13 mill. kr.
Prosjekta som får tilskot er:
Kompetansesenter for avansert maskinering, Osterøy
Historisk grunn Onarheim, Tysnes
Trallebana Skjeggedal, Odda
Kunstnarhus i Fartein Valen sitt landskap, Sveio
Vestnorsk utvandringssenter, Radøy
Os kunst- og kultursenter, Os
Osterøy
Til kompetansesenter for avansert maskinæring som Osterøy næringssamskipnad og Osterøy vidaregåande skule står for er det løyvd 2,0 mill. kr i 2009.
Frå før har dette prosjektet fått 0,8 mill. kr i tilskot frå fylkeskommunen. Målet er å skapa eit regionalt og etter kvart også nasjonalt ressurssenter for avansert maskinering og robothandtering.
Prosjektet er godt forankra i Osterøy sitt næringsliv og vil kunne styrkja miljøet kring Osterøy vgs. Det er eit veldig godt døme på korleis ei vidaregåande skule kan fungera i eit nært samspel med lokalt næringsliv, og er i så måte eit regionalt modellprosjekt innan dette området, heiter det i fylkesrådmannen si saksutgreiing.
Tysnes
Tysnes kommune vil byggja ein dokumentasjonsstad for tingstaden og senteret for gildeskipnaden som var på Onarheim frå førkristen tid og opp til 1500-talet.
Fylkesutvalet har løyvd 2 mill. kr i tilskot fordelt med 0,5 mill. kr i 2008 og 1,5 mill. kr i 2009.
Onarheimgildet tok vare på Onarheim sin status som religiøst, kulturelt og sosialt senter på Vestlandet. Fylkesvåpenet til Hordaland stammer frå Onarheim.
Tysnes kommune har fått utarbeidd ei prosjektskisse. Det har vore lagt vekt på at anlegget skal fungera som arena for ulike arrangement, og som møtestad, rasteplass og park utanom arrangementa. Det er planlagt ein arena med plass til om lag 300 personar, ei scene med tilhøyrande garderobar, lager, toalett og eit lite utsal/kiosk. ”Golvet”, den ”historiske grunnen” er eit samanbindande element for heile tusenårsstaden og er tenkt utforma i naturstein. Kostnaden er sett til 4,2 mill kr.
Odda
Odda kommune vil etablera eit selskap med ansvarleg selskapskapital for å driva Trallebana i Skjeggedal (Mågelibanen). Fylkesutvalet har løyvd 2,0 mill. kr i 2009.
Statskraft har løyvd 5 mill kr. til eit vedlikehaldsfond for bana. Planen vidare er å etablera eit eige og skjerma fond for vedlikehald og oppgradering av bana på 10-12 mill. kr. Grunnkapitalen i fondet skal vere urørleg. Interimstyret er no under etablering, kommunestyrevedtak i slutten av mai vil avrunde prosessen.
Bana kom i drift i 1911/12 og var eit viktig element i kraftutbygginga av Tyssovassdraget.
Sveio
Sveio kommune og Fartein Valen-stiftinga får 0,5 mill. kr i tilskot frå fylkeskommunen i 2009 til «Kunstnarhus i Fartein Valen sitt landskap». Eventuelt ytterlegare fylkestilskot vil verta vurdert seinare.
Planen er å etablera eit kunstnarhus knytt til Valenheim på Valevåg. Huset skal innehalda kammermusikksal med diverse arbeids-/øvingsrom og lydstudio, husvære og fellesareal i tillegg til ein hage i tilknyting til senteret. Det er tenkt å leggja til rette kommersielt for å få inntekter til å driva senteret. Det faglege og utøvande skal vera sjølvfinansierande. Bygget er planlagt å stå ferdig til Fartein-Valen festivalen i 2011. Totalkostnaden er sett til 28 mill. kr.
Radøy
Vestnorsk Utvandringssenter får 2 mill. kr til nytt museums- og informasjonssenter i 2009. Det er ein føresetnad at konsolideringa med Museumssenteret i Salhus vert gjennomført.
Vestnorsk Utvandringssenter held til på Sletta i Radøy kommune, og senteret har m.a. bygd opp seks emigranthistoriske hus frå dei ”norske” områda i Nord-Amerika. Utanom dette disponerer dei ein del dokumentasjon, m.a. frå Sjømannskyrkja.
Vestnorsk utvandrarsenter søkjer om midlar til å byggja eit senter som skal innehalda ein utstillingsdel, sjømannskyrkja sine kulturhistoriske samlingar, auditorium, bibliotek/studierom, sovernirdel, kafe og sanitæranlegg samt administrasjon og lager. Målet er å kome over frå ein dugnadsbasert verksemd til permanent drift.
Totalkostnad for prosjektet er sett til nesten 25,5 mill. kr.
Pressemelding om tildeling om utviklingsmidlar (pdf-fil)
Pressemelding frå fylkesutvalet 22. mai 2008