Vellukka satsing på Hardangerfjorden

Hordaland fylkeskommune si satsing på prosjektet Explore Hardangerfjord har synt seg som ein stor suksess. Ein månad ut i andre sesong tyder alt på at suksessen vil halda fram. Heile 3855 personar reiste med Hardangerfjordekspressen i mai.


Hardangerfjordekspressen har meir enn dobla trafikken frå første sesongen i sesongutvidinga Explore Hardangerfjord.

Fyrste sesongen vart ein stor suksess, og vi kan allereie ved utgongen av mai 2008 slå fast at den gode utviklinga held fram. MS Vøringen hadde i mai 2008 1997 passasjerar, opp 66 prosent frå 2007. Hardangerfjordekspressen har så langt hatt ca 12.900 reisande, opp 57 prosent frå i fjor. I mai nytta heile 3855 reisande denne ruta.

Herand ny stoppestad
Nytt av året er at MS Vøringen også har tatt opp Herand i Jondal som stoppestad. Dei som nyttar denne ruta kan få med seg flotte breopplevingar på Noregs tredje største isbre – Folgefonna. Den nye stoppestaden har også gjort det mogleg for turistar å gå av båten på Utne, for så å sykla langs den idylliske Hardangerfjorden til Herand. Her er sykkel er inkludert i pakkeprisen.

Prosjektet Sesongsutviding på Fjorden – Explore Hardangerfjord er no inne i sin andre av tre sesongar. Gjennom utvida turistbåtrute på Hardangerfjorden (Norheimsund–Herand–Utne–Lofthus–Kinsarvik–Ulvik–Eidfjord) og heilårsruta frå Bergen til Rosendal (Hardangerfjordekspressen) skal prosjektet føra til auka reiselivsverksemd langs Hardangerfjorden.

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Reisemål Hardanger Fjord AS og Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Totalbudsjettet for satsinga er på 4,6 mill kroner, og av desse er 3,3 mill kr frå ordninga kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift.

Satsar på betre infrastruktur
- For fylkeskommunen er det vesentleg at ei satsing på betra infrastruktur fører til auka produktutvikling og reiselivsaktivitet i områda satsinga gjeld. Dette vil igjen gi auka samfunnsøkonomisk effekt av reiselivsnæringa i Hardanger og Sunnhordland. Det gler oss difor storleg at prosjektet så langt har klart å oppnå dei måla som er nedfelt i prosjektplanen. Vi føler oss også trygge på at fortsetjinga vil gi like gode resultat, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Marknadsføring og produktutvikling er viktige ingrediensar. I tillegg til å betra infrastrukturen gjennom betre rutetilbod, er prosjektet med på å stø opp om fleire tiltak innan produktutvikling. Blant produktpakkane finn du no sightseeingtur på kveldstid frå Norheimsund til Botnen, Fyksesundet og sundagsturar frå Rosendal til same plassen. Sightseeingturar frå Eidfjord til Simafjorden og Osafjorden.

Ei eiga baronipakke i Rosendal som inkluderar transport frå Bergen, omvisning og lunsj på Baroniet. I Rosendal er det også tilbod om bygdevandring og hesteskyss. Kjelkar til å transportera turistane opp med skitrekket på Folgefonna og natursti på Folgefonni. Familiepakkane til Kinsarvik og vandringsturen Kinsarvik-Stavali-Lofthus er også resultat av denne satsinga.

Simon Sortland/Kjartan Pettersen 12.06.2008 09:16
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart