Hordaland fylkestinget går inn for den reviderte bompengesøknaden for E39 Svegatjørn-Rådal etter alternativ P2. Vedtaket er gjort med 51 (H, Frp, KrF, Ap, V, Sp) mot 6 (SV, Raudt) røyster.
Totalkostnaden med alternativ P2 er 3 336 mill. kr (2007) og inneber at bompengar skal dekka 1 976 mill. kr og staten 1360. I høve til statsløyvinga på 1060 mill. kr som er sett opp i forslaget til nasjonal transportplan 2010-19, føreset dette 300 mill. kr meir frå staten.
For å halda bompengetaksten nede på eit lågast mogeleg nivå ber fylkesutvalet om at dei statlege løyvingane må koma så tidleg som råd er i perioden 2014 – 2019.
Trafikkantane dekkjer med dette 60 % av investeringskostnaden og staten 40 %.
Bompengeopplegget det vert søkt om vil gje eit takstnivå på kr 30,- (snitt pr. køyrety) kvar veg med innkrevjing i 4+14 år (4 år parallellinnkrevjing på eksisterande vegar frå 2010 og innkrevjing etterskotsvis i 14 år (tom. 2027) på ny og gamal E39 og Fv163).