Streiken over – normal drift frå torsdag 5. juni 2008

Streiken i Hordaland fylkeskommune er over etter at partane kom til semje onsdag føremiddag 4. juni. Dei streikande vil vera tilbake på arbeid frå arbeidsdagen startar torsdag 5. juni. Gjennomføring av eksamen skal så snart som råd vera i normalt gjenge,

Normal drift att
Dei vidaregåande skulane som har vore råka av streiken, skal vera tilbake i normal drift frå torsdag 5. juni. Det gjeld også Bergen katedralskole som har vore stengt sidan 2. juni.

Eksamen
Vidare gjennomføring av eksamen skal skje i samsvar med planane før streiken starta. Så sant både sensor og eksaminator/faglærar får forsvarleg tid til å førebu sjølve eksamen, vil den verta gjennomført.

Skulane informerer
Elevane skal møta på skulen som normalt torsdag 5. juni. Kvar einskild skule vil gje elevane informasjon om kva eksamenar som vert haldne og kva eksamenar som går ut.

Kortar ned førebuingstida
Opplæringsdirektøren har etter dialog med Utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen avgjort at hovudregelen om 14 dagars førebuingstid kan fråvikast. Rektorane ved dei vidaregåande skulane har fullmakt til, etter avtale med sensor og eksaminator/faglærar, å avgjera kva som er tilstrekkeleg førebuingstid.

Eksamenar kan verta avlyste
Planlagde eksamenar vil verta avlyste når det ikkje vert tid til nødvendig førebuing. Slik avlysing vil kunna skje ved fleire enn dei ni skulane som har hatt tilsette i streik. Det vil vera i tilfelle der oppnemnde sensorar har vore i streik og det no vert for kort tid til å gjera den førebuinga som må til.

Oppdatert informasjon frå skulane som har vore i streik

Bergen handelsgymnasium 

Bergen katedralskole 

Bjørgvin videregående skole

Fyllingsdalen videregående skole

Laksevåg videregående skole

Lønborg videregående skole 

Olsvikåsen videregående skole

Tanks videregående skole

Lenkje
ks.no – streiken avblåst http://www.ks.no/templates/Page.aspx?id=50454

Informasjon om streik i Hordaland fylkeskommune
 

Denne sida er oppdatert torsdag 5. juni kl. 07.45.

Stanley Hauge 05.06.2008 08:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart