Stor konferanse om mangfald og ungdom

Mangfaldsåret 2008 sin store konferanse ”Det globale i det lokale - de unges deltagelse i arbeid, utdanning, kultur- og organisasjonsliv” går av stabelen torsdag 28. august i Bergen.

Hovudarrangør er Det Felles Innvandrerråd i Hordaland (DFIRH) og Kontaktutvalet mellom innvandrere og styresmakter (KIS Hordaland). Saman med sine samarbeidspartnarar med Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune, Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi vest) og Kontaktutvalet mellom innvandrerbefolkningen og myndighetene (KIM) er offisielle mangfaldsåret 2008 eit godt høve til å arrangere denne mangfaldskonferansen i Bergen.

- Fokuset er på å auka dei unge si deltaking i lokalsamfunna i Hordaland. Vi ynskjer å nytta den 28. august 2008 til å setje søkelyset på utfordringane, styrkane, behova og moglegheitene  ved det kulturelle mangfaldet vi er i, seier prosjektsekretær Inger Paulsen.

Variert program
Til konferansen kjem mellom anna David Lackland Sam, psykolog ved UiB, og Liv Anne Støren, forskar ved NUPI. Begge har lang erfaring frå forskingsarbeid på minoritetsungdom i Norge, og dei vil starte dagen med to interessante innlegg sett ut i frå eit forskarperspektiv. Etter lunsj vil representantar frå Tamilsk Youth Org, Kurdisk Kulturforums ungdomsgruppe, Somalisk ungdomsforening, Natur og Ungdom og Kulturstyret ved UiB vil halde innlegg om sitt syn på det å vere ung i Hordaland i 2008. Mot slutten av konferansen vert det workshops leia av representantar frå dei ulike ungdomsorganisasjonane.

- Målet vårt er å markere dei ulike mangfaldige ungdomsmiljøa som finst i Hordaland i 2008, auka deltakinga til unge menneske i dei fire samfunnsarenaene utdanning, arbeid, kulturliv og organisasjonsliv - samt å få fram dei positive sidene ved mangfaldige samfunn der det globale finst i det lokale, avrundar Paulsen.

Påmelding
Bindande påmelding sendes til: detfih@online.no eller 55 31 18 95. Påmelding skal innehalde: namn, adresse, institusjon og telefonnummer. Det er avgrensa tal plasser (100 stk.).

Frist for påmelding: 21. august. Det blir servering av enkel lunsj. Fullstendig konferanseprogram blir lagt ut på www.dfirh.no i byrjinga av august.

Invitasjon: kultureltmangfold_invitasjon.pdf

Simon Sortland 30.06.2008 13:29
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart