Opplærings- og helseutvalet i Hordaland vitjar Bømlo for sitt junimøte med besøk på dei to to vidaregåande skulane Bømlo og Rubbestadnes, samt bedriftsbesøk og lunsj hos Wärtsilä Norway AS i Rubbestadneset.
Det vert fellesbuss med avreise frå Fylkesbygget (Agnes Mowinckels g 5) kl. 07.30.
Tre saker står på sakskartet. Saksdokumenta er tilgjengelege på http://polsak.ivest.no/
PROGRAM
Kl. 07.30- Avreise med fellesbuss frå Fylkesbygget, Agnes Mowinckels g 5
Kl. 10.00-11.00 Orientering og omvising på Bømlo vidaregåande skule
Kl. 11.15-12.15 Bedriftsbesøk til Wärtsilä Norway AS
Kl. 12.15-13.05 Lunsj i kantina på Wärtsilä Norway AS
Kl. 13.15-14.15 Orientering og omvising på Rubbestadnes vidaregåande skule
Kl. 14.15-14.25 Seniorrådgjevar Sigrun G. Henriksen frå strategi- og næringsavdelinga orienterer i samband med melding ”Folkehelsearbeidet i Hordaland Fylkeskommune – forankring, planer og invitasjon til deltaking.”
Kl. 14.25- Sakshandsaming
SAKSLISTE
- Meldingar til møtet
Saksnr. Sakstittel:
27/08 Rapportering av oppdragsverksemda
28/08 Tilskott på kr 50 000 til deltaking på Celtic Food and Drink Festival, Wales 11.-13. juni
29/08 Gratis vidaregåande opplæring - skuleturar