Den nye kraftlinja mellom Kollsnes og Mongstad må til liks med eksisterande 300 kV line i Øygarden leggjast i kabel av omsyn til landskapet, seier Hordaland fylkesutval i fråsegn til saka.
Fylkesutvalet ser at det er trong for å styrkja kraftnettet mot Kollsnes og Bergensregionen og er positiv til etablering av ny kraftline mellom Kollsnes og Mongstad, heiter det i vedtaket.
Fylkesutvalet peikar på tidlegare fylkestingsfråsegn om at der det finst gode alternative løysingar bør ein gå bort frå store skjemmande luftspenn og over til kabling. Eksisterande 300kV line i Øygarden er alt kabla av omsyn til landskapet, og fylkeskommunen krev at tilsvarande vert gjort i dette høvet. Av di det er naudsynt med kabling på delar av strekninga mellom Kollsnes – Mongstad er meirkostnaden for heil kabling for dette prosjektet mindre enn for andre kraftlineprosjekt.
Fylkesutvalet meiner kabling i samband med samlokalisering med ny riksveg over Radøy må utgreiiast nærare då dette kan redusere meirkostnadene ved heil kabling ytterlegare.
Nordre og midtre alternativ har til dels store konflikter med fleire regionale interesser, og av omsøkte løysingar er søndre alternativ å føretrekke.
Når det gjeld kulturminne må det for valt traseløysing gjennomførast kulturminnegranskingar etter §9 i Kulturminnelova på heile traseen, ikkje berre for eventuelle mastepunkt. For sjøkabel har Bergen sjøfartsmuseum eigne krav til gjennomføring av §9 undersøkingar.