For 2009 er den førelegne ramma på 320 mill. kr som er 45 mill. kr lågare enn den handlingsprogrammet for nasjonal transportplan 2006-15 har lagt opp til.
Fylkestinget finn det ikkje rett at overføring av innsparte ferjetilskot til Austevollsbrua no er innarbeidd i den fylkesfordelte investeringsramma. Dette må dekkast over riksvegferjebudsjettet, og ikkje vera ei binding innanfor den tildelte fylkesfordelte riksvegramma. For 2009 er summen som skal dekkast 9,4 mill. kr.
På stamvegnettet ber fylkestinget om at det vert prioritert statlege stamvegmidlar til E39 Jektevik-Sandvikvåg i Fitjar/Stord og E39 Eikåstunnelen i Bergen.
Fylkestinget sitt vedtak om riksvegbudsjettet 2009:
1. Fylkestinget viser til tidlegare vedteke bompengeordning for E39 Jektevik-Sandvikvåg med innkreving på ferjesambandet E39 Halhjem-Sandvikvåg fram til 31.12.2008. Ein føresetnad for denne ordninga har vore ei 50/50 deling mellom bompengefinansiering og statlege stamvegmidlar. Fylkestinget ber no om at den attståande statlege delen på 40 mill.kr vert løyvd i i 2009. Ei slik løyving vil kunne inngå i eit samla finansieringsopplegg for eventuell vidareføring av bompengeordninga også etter 31.12.2008. (Vedteke mot 2 (Raudt) røyster.)
2. Fylkestinget vil peike på prosjektet E39 Eikåstunnelen som i NTP handlingsprogrammet 2006-2009 var prioritert med oppstart i 2009. Med auka trafikk i det aktuelle området på E39 er det nødvendig meir enn nokon gong å få realisert Eikåstunnelen. Prosjektet må prioriterast med stamvegmidlar for oppstart i 2009. (Samrøystes.)
3. Fylkestinget meiner fylkesfordelt riksvegramme for post 30 er for liten, men er forøvrig samd i hovudprioriteringane i riksvegbudsjett for 2009. (Samrøystes.)
4. Fylkestinget kan ikkje godta at løyvinga for innsparte ferjetilskot til Austevollsbrua no er innarbeidd i den fylkesfordelte investeringsramma. Fylkestinget meiner at løyvinga må dekkast som ei innsparing på riksvegferjebudsjettet, og ikkje vere ei binding innanfor den tildelte fylkesfordelte riksvegramma. Fylkestinget går vidare inn for at frigjorte midlar tilsvarande 9,4 mill.kr vert nytta til bybana/Ringveg Vest i Bergen. (Vedteke mot 6 (SV, Raudt) røyster.)
5. Fylkestinget ber om at Stortinget får framlagt bompengesøknad for Rv 551 Løfallstrand-Årsnes m/ferjekai snarast råd. Fylkestinget vil prioritere tilstrekkeleg med midlar til prosjektet som ein del av det regionale vegnettet, for å sikre rasjonell anleggsdrift også etter 2009. (Vedteke mot 2 (Raudt) røyster.)
6. Fylkestinget ser det som vanskeleg å få realisert ei forlenging av gangtunnelen under terminalområdet Bystasjonen/Nonneseter utan å kome i konflikt med tidsplanen for når bybanen skal starte opp med testkøyring på heile strekninga frå Bergen sentrum til Nesttun. Med grunnlag i dette vil fylkestinget ikkje gå inn for at det vert sett i gang arbeid med forlenging av den aktuelle gangtunnelen. (Samrøystes.)
7. Fylkestinget ser det som svært viktig at Bergensprogrammet blir vidareført i samsvar med uttale til planforslaget til Nasjonal transportplan 2010-2019. Fylkestinget legg til grunn at ny bompengesøknad vert lagt fram for handsaming i politiske organ i Bergen og fylkeskommunen etter at regjeringa sitt forslag til Nasjonal transportplan 2010 – 2019 vert lagt fram i desember 2008. I det vidare arbeidet med detaljprosjektering er det avgjerande viktig at det blir stilt strenge krav til universell utforming og trafikktryggleik.
Fylkestinget vil understreke betydninga av at andre byggetrinn bybana, Nesttun - Lagunen og andre byggetrinn Ringveg vest, Sandeidet – Liavatn, vert vidareført uten stopp i anleggsarbeidet. I riksvegbudsjettet for 2009 må det settast av midlar til nødvendig prosjektering, grunnerverv o.l. slik at andre byggetrinn for dei aktuelle prosjekta kan starte opp hausten 2010. Dette førebuande arbeidet må finansierast i 2009 og 2010 med til saman 190 mill.kr .
Fylkestinget legg opp til å omdisponere 30 mill kroner av unytta midlar frå byggetrinn 1 på Ringveg vest, og ved å utsette oppstart av prosjektet Rv 555 Breivikskiftet - Drotningsvik frå 2009 til 2010. Dette vil til saman kunne finansiere 60 mill.kr av det førebuande arbeidet for byggetrinn 2 for bybana og Ringveg vest.
For det resterande finansieringsbehovet legg fylkestinget til grunn at Bergen bompengeselskap AS aukar låneopptaket i 2009 og 2010 med inntil 130 mill kroner.
Ytterlegare unytta midlar frå Bergensprogrammet, evt. tilskot/forskottering frå regionen, vert nytta til kollektivfelt på RV 555 Breivikskiftet – Drotningsvik. Fylkestinget føreset oppstart av prosjektet på RV 555 seinast 1. kvartal 2010.
(Pkt. 7 vart vedteke mot 9 røyster (V, SV, Raudt). Men Fremskrittspartiet, Arbeidarpartiet og Venstre røysta primært for eigne forslag til nokre av avsnitta i punktet.)
8. For å sikre eit effektiv driftsopplegg for bybana i Bergen, legg fylkestinget til grunn at følgjande tiltak må innarbeidast i investeringsbudsjettet for bybana i 2009.
Publikumsinformasjon på plattform 7,3 mill.kr
W-lan for publikum langs bana 3,9 mill.kr
Flåtestyring og PIA anlegg 2,9 mill.kr
Sum 14,1 mill.kr
Fylkestinget vil og peike på omlegging av vegnettet i anleggsperioden til bybana. Dette vil medføre at den eksisterande ruteproduksjonen må leggast om med auka kostnader i 2008, 2009 og 2010. Fylkestinget legg til grunn at desse ekstrakostnadene på til saman om lag 20 mill.kr må innarbeidast i finansieringa av bybaneutbygginga i 2009 og 2010. (Samrøystes.)
9. Saman med tildelte BRA-midlar vil fylkestinget prioritere ei generell opprusting av terminalane i Åsane og Loddefjord. Til dette arbeidet omdisponerer fylkestinget 2 mill.kr som i forslaget til riksvegbudsjett 2009 er sett av som bidrag til gangtunnel under Bystasjonen/Nonneseter, og prioriterer uspesifiserte midlar til kollektivtiltak i Bergen på 3 mill.kr til opprusting av Åsane og Loddefjord terminal. (Samrøystes.)
10. Fylkestinget har ingen merknader til marginalvurderingane i forslaget til riksvegbudsjett 2009. (Samrøystes.)
11. Ei eventuell omdisponering på 20 mill kr frå den statlege løyvinga til Jondalstunnelen til Rv 48 Helland-Havsgårdsdalen, skal ikkje ha konsekvensar for framdrifta til Jondalstunnelen. (Samrøystes.)
12. Rv 550 Utne-Jondal og Rv 569 Stamnes-Eidslandet er tilrådde verna. Før eit eventuelt vernevedtak vert gjennomført, må desse vegane setjast i stand (10 tonn og 18,75 m vogntog lengde), slik at dei kan vera tenlege transportårer for dei som har desse vegane som einaste alternativ. (Samrøystes.)