Fylkesrådmannen: Verk i fylkesøkonomien

– Trass i varsel frå sentralt hald om relativt stor vekst i dei frie inntektene, et det dessverre meir verk i fylkesøkonomien enn i tannhelsetenesta, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen under opninga av Hordaland fylkesting på Voss 10. juni.

Inntektsveksten stoppa opp
– Problema har kome i løpet av 2007. I 2006 var netto driftsresultat på rekordhøge 7,8 prosent. Dette vart svekka til moderate 1,6 prosent i 2007. Årsaka er at inntektsveksten i 2007 stoppa opp, mens vi ikkje greidde å bremse veksten på utgiftssida tilsvarande. Tertialrapporten som er til behandling på dette fylkestinget, viser ein prognose med negativt netto driftsresultat. Det er kollektiv- og opplæringssektoren som står for overskridingane, sa fylkesrådmannen. Mellom anna aukande dieselpris og auka lønskostnader fører til overskriding.

Kraftig auke i kapitalutgiftene
Fylkesrådmannen reknar med ein vekst i overføring av dei frie inntektene frå staten på 70 millionar kroner neste år.
– Det er slett ikkje noko dårleg veksttal samanlikna med kva vi har vore vane med. Problemet er berre at dei utfordringane vi står overfor krev meir, sa fylkesrådmannen og peika på at kapitalutgiftene vil auke kraftig og meir enn veksten vi kan rekne med.

Dyr skuleutbygging
Spesielt investeringane i skulebygg kostar.
– Summen av aukande kapitalutgifter og aukande behov i dei ulike sektorane gjer at sjølv ein god inntektsvekst ikkje er tilstrekkeleg. Budsjettarbeidet vi står overfor blir derfor vanskeleg og vil krevje tilpassingar. Eg vil likevel ikkje overfokusere budsjettutfordringane sjølv om dei er store nok. Erfaringa har lært meg at det ofte går betre enn vi fryktar, men at vi har nokre utfordringar, vil nok og vere konklusjonen når vi skal setje opp rekneskapen for 2008.

Godt samarbeid med Bergen kommune
Fylkesrådmannen er svært tilfreds med at samarbeidet med Bergen kommune om bybana utviklar seg positivt.
– Det er ikkje alltid like enkelt når kostnader skal fordelast. Det viktige er at bybana no blir bygd vidare mot Lagunen og at vi unngår unødvendige stopp i arbeidet med tap av kompetanse og auka kostnader som resultat. Den vidare utbygginga skal skje med fylkeskommunen som ansvarleg utbyggar. Enkelte medarbeidarar som er knytta til drift og tryggleik vil og bli overført frå Bybanekontoret til fylkeskommunen i løpet av hausten.

Eigentleg optimist
– I tilfelle det har oppstått tvil i løpet av denne talen, vil eg seie at eg eigentlig er optimist med omsyn til den vidare utviklinga av fylkeskommunen. Vi arbeider med store og viktige saker som våre næraste samarbeidspartnarar, kommunane, set pris på, og eg både håpar og trur at publikum vil setje pris på utviklinga på viktige område som opplæring og samferdsel, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen mellom anna i talen sin.

Les heile talen til fylkesrådmannen

Les talen til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under opninga av Hordaland fylkesting på Voss 10. juni 2008

Bjarte Brask Eriksen 10.06.2008 13:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart