Meir optimisme i indre delar av fylket
– Mitt inntrykk er at utviklinga i dei indre delane av fylket er i ferd med å bli meir positiv og optimistisk. Næringsbarometeret fortel mellom anna at mens talet på nyetableringar i heile fylket gjekk ned i 2007, var det auke i Indre Hardanger. Kommunane Jondal, Odda, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Granvin hadde samla ein auke i talet på nyetableringar på 65 prosent, sa fylkesordføraren og nemnde tinglysingsregisteret i Kinsarvik, vassfabrikken Isklar på Hovland, og omstillingsprosessen i Ålvik.
Reiseliv
Fylkesordføraren har merka seg at cruisetrafikken går mot nye høgder i år.
– Det er positivt for reiselivsnæringa, men er også ei miljøutfordring. Eg har merka meg at Bergen og omland hamnevesen i samarbeid med BKK utgreier korleis skip som ligg i hamn han få straumforsyning frå land. Stå på og få dette på plass snarast, slik at det blir slutt på røykskyene med forureinande gassutslepp.
Statleg skeivfordeling
Den statlege skeivfordelinga ønskjer fylkesordføraren å få slutt på.
– På fleire felt opplever vi skeivfordeling av løyvingar til statlege oppgåver. Den klare skeivfordelinga i disfavør av helseføretaka i region vest er klart dokumentert. Nytt odontologibygg, nybygg for høgskule, kunsthøgskulen og Gulating lagmannsrett står på topp på statens eigne prioriteringslister, men har enno ikkje fått løyvingar. Det uroar meg, når det no, trass høgkonjunktur og press i økonomien, ikkje ser ut å vera noka hindring for å byggja og lansera nye prosjekt i Oslo. Eg har teke opp dette i brev til statsministeren og påpeika at no må det vere Hordaland sin tur, sa fylkesordføraren.
Jubileum
I år er det 25 årsjubileum for venskapsavtalen mellom Hordaland og Orknøyane.
– Den første venskapsavtalen Hordaland fylkeskommune oppretta var med Orknøyane. Det skjedde nettopp her på Voss i 1983. Avtalen vart fornya i 2003. Komande fredag kjem ein delegasjon frå Orknøyane på gjesting til oss for å markere 25-årsjubiletet for avtalen. Utvekslinga mellom Hordaland og Orknøyane har særleg omfatta ungdom og har hovudsakleg skjedd innan kultur og undervisning. I 20 år har det årleg kome to elevar frå Orknøyane og hit til eit skuleår ved Voss folkehøgskule. Vi har dei siste 16-17 år sendt elevar til tilsvarande opphald på Orknøyane. «Ein heil klasse» hordalendingar har såleis eit skuleår bak seg i venskapsfylket vårt vest i havet, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg mellom anna i talen sin.
Les heile talen til fylkesordføraren (rikt tekstformat)
Les talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen under opninga av fylkestinget på Voss (rikt tekstformat)