Fylkestinget har gjeve fylkesutvalet fullmakt til å gjennomføra nødvendige tiltak for å sikra økonomisk balanse i Hordaland fylkeskommune i 2008. Til fylkesutvalet sitt møte 19. juni skal fylkesrådmannen leggja fram ei liste med moglege tiltak for å sikra
Av økonomirapporten for dei fire første månadane i år går det fram at det kan verta overskridingar på 50-60 mill. kr i høve til budsjettet for 2008.
Opplæringssektoren ser ut til å få eit meirforbruk på 10 mill. kr. Det er særleg for lærlingopplæringa ein ventar overskriding både på grunn av fleire lærlingar enn lagt til grunn og at dei sentralt fastsette satsane for lærlingtilskot stig meir enn ein så langt har fanga opp i budsjettet.
For samferdselssektoren kan det gå mot ei budsjettoverskriding på om lag 50 mill. kr, men prognosen er denne gongen meir usikker enn tidlegare. Områda med rutekøyring etter anbod er ikkje sette i drift enno – utanom Austevoll som starta opp 1. januar. Det er inngått ny kvalitetsavtale med Tide Buss. Auka diesel- og lønskostnader i transportbransjen aukar kostnaden for fylkeskommunen.
Slik fylkesrådmannen vurderer situasjonen kan det i år gå mot ei samla budsjettoverskriding på opp mot 85 mill. kr. Dette vert delvis motverka av at dei frie inntektene ser ut til å auka med 25-30 mill. kr.
På bakgrunn av dette har fylkesrådmannen stipulert at budsjettoverskridinga vert 50-60 mill. kr ved utgangen av året.
Økonomirapporten er ein rapport over avvik i høve til budsjettet. Overskriding av budsjettet betyr ikkje at fylkeskommunen vil gå med tilsvarande underskot. Dei såkalla strykingsreglane kjem inn her. Stryking av fondsavsetjingar vil redusere det rekneskapsmessige underskotet.