Fylkestinget i Hordaland vedtok 11. juni å klaga på NVE sitt vedtak om konsesjon for 420KV luftline frå Sima til Samnanger og gav fylkesutvalet i oppdrag å utforma klagen.
I klagen framhevar fylkesutvalet dei unike kvalitetane i fjord- og fjellandskapet i Hardanger med naturmangfald, reiseliv, friluftsliv og kulturminne, og at den omsøkte 420kV luftlina med fleire fjordkryssingar er i konflikt med viktige regionale og nasjonale interesser . Hardangerlandskapet har stor nasjonal symbolverdi med høge internasjonale kvalitetar, og utgjer eit spesielt særtilfelle der sterke miljøomsyn tilseier at ein må gje pålegg om kabling, heiter det i vedtaket.
Konsesjonsgjeven trase er i konflikt og i nærføring med kjente automatisk freda kulturminne og gjev grunnlag for klage på vedtak. Fylkesutvalet vil og krevje at atterhald om konflikt med automatisk freda kulturminne vert teke inn som del av konsesjonsvilkåra.
Stanley Hauge 19.06.2008 14:21