Byggjer ut for 70 mill. kr ved Austevoll vidaregåande skule

Hordaland fylkesting har godkjent forprosjektet for utbygging ved Austevoll vidaregåande skule til 70 millionar kroner. Vedtaket var samrøystes.

Tilbygget skal ha eit brutto areal på 1413 m2 og prosjektet omfattar også ombygging av 650 m2 av eksisterande lokale.

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda.

Utbygginga skal vera ferdig til skulestart hausten 2010. Tidsplanen for utbygginga legg opp til start på grunnarbeidet i oktober i år.

Totalt elevtal vert ca. 260, fordelt på 14 klassar, og om lag 35 tilsette.

Stanley Hauge 11.06.2008 12:06
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart