Både sol og mørke skyer på Hordalandskonferansen

Vel 60 ordførarar, rådmenn og representantar frå fylkeskommunen og Fylkesmannen deltok på Hordalandskonferansen 2008 i eit solbada Øystese. Utdanning og attraktive lokalsamfunn var hovudfokus i år.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg kunne ynskja velkomen til Hardangerfjord Hotel i Øystese og Hordlandskonferansen 2008 i strålande solskin tysdag 27. mai. I sin opningstale kom ho mellom anna inn på optimismen og framgangen Hardanger no opplever.

 

Ho avrunda med å utfordra kommunane om å kome med innspel på kva fylkeskommunen kan bli betre på for at samarbeidet med kommunane kan styrkast. Ho fekk mange innspel i den påfølgjande diskusjonsrunden, men kunne også ta med seg mange godord.

 

Hordalandskonferansen stadfesta seg som ein viktig møtestad for å utveksla røynsler, utfordringar, strategiar, kritikk og ros av samarbeidet mellom partane.

 

Høgskulelektor Tjalve Madsen frå Høgskolen i Bergen understreka mellom anna kor viktige relasjonen mellom lærar og elev er for å gjera skulane til endå betre læringsarenaer.

 

Utdanning og attraktive lokalsamfunn

- All læring startar med relasjonar. Tillit, respekt og meining. Det er difor desse grunnleggjande verdiane me må ha med oss, og det er dei grunnleggande målsetnadane me må prioritera. Løysinga ligg ikkje i smarte løysingar eller IKT åleine, understreka ein engasjert høgskulelektor Tjalve Madsen frå Høgskolen i Bergen under sitt innlegg på Hordalandskonferansen.

 

Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld presiserte at gapet mellom elevane sin skulekvardag og fritid ikkje må bli for stor, og difor er han overtydd at innføring av pc-ar til elevane i vidaregåande skule er rett satsing.

 

Det andre hovudtemaet på årets Hordalandskonferanse var attraktive lokalsamfunn. Kva er det , og korleis skapar ein dei var spørsmål mellom anna direktør Dag Jørund Lønning frå Bygdeforskning i Tondheiom og ordførar rune Øygard i Vågå kommune tok for seg i sine innlegg.


- Me er knallgode på drift

Ordførar Astrid Farestveit Selsvold i vertskommunen Kvam orienterte om status og utfordringar i ei ny tid. - Me er knallgode på drift i Kvam kommune, men dette er også ei stor utfordring då det skapar forventningar. Skulebråket i Kvam er vel kjend, men me står føre ei historisk satsing som også i kvalitet vil vere heilt i landstoppen, understreka ordføraren. 

 

Ho kom inn på dei store utfordringane for industrien både med nytt verftsområde for Fjellstrand på Hansvågen og restruktureringa i Ålvik. Vidare om det store engasjementet mot høgspentlinjer. Kampanjen Kvammalokk for å lokka kunstnarar til å busetja seg i Kvam har synt seg som ein stor suksess.

 

- Viktig med Ungdomsråd

Blant dei som tok ordet i debatten var Eva Vik frå Ungdommens Fylkesting. – 16 kommunar har ikkje Ungdomsråd, medan 9 kommunar har det. Vi tilbyr hjelp å få i gang ungdomsråd, og eg oppfordrar kommunane å løyve pengar til dette. Det er viktig at ungdomen vert høyrt, understreka Vik og fekk støtte frå mange hald på konferansen.

 

Skribent Andreas Hompland avrunda første dag med sine refleksjonar om tema for konferansen med sitt føredrag ”Ordføraren skal gjere skulen god og bygda attraktiv”. Ei oppsummering kan vere slagordet han såg på ein vegg i Paris i 1968: ” Det er håpløst, og det er ingen grunn til å gi opp.”

 

Sunnhordland.no: Variert skuledebatt
Sunnhordland: Hallelujamøte i Hardanger.pdf

Føredrag på Hordalandskonferansen 2008:

Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld: Korleis kan vi gjere hordalandselevane endå betre.ppt
Rune Øygard, ordførar: Vågå vil - og får noko til!ppt

Program Hordalandskonferansen 2008.pdf

 

Simon Sortland 02.06.2008 13:24
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart