25-årsjubileum for venskapsavtale Hordaland-Orknøyane

Ein delegasjon frå Orknøyane er på gjesting i Hordaland 13.-17. juni. Det er i år 25 år sidan venskapsavtalen mellom Hordaland og Orknøyane var inngått, og jubileet skal markerast under gjestinga.

Orknøy-delegasjon med ordførar Stephen Hagan i spissen, vart teken imot at fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg på Flesland fredag ettermiddag (13. juni).

Program
På programmet  under gjestinga står velkomstmiddag i dei nyrestaurerte lokala på Stend hovudgard fredag 13. juni. Laurdag 14. juni går turen til museumssenteret i Salhus. Søndag 15. juni går turen Havråtunet og Osterøy museum og spasertur på Kossdalsvegen.

Måndag 16. juni vert det møte i Fylkeshuset. Der skal Hordaland fylkeskommunen presentera det regionale utviklingsprogrammet sitt. Orknøyane skal presentera sin kommune- og strukturplan.

Skulebygg
Etter lunsj måndag går turen til Tertnes videregående skole og synfaring der. Eigedomssjef Helge Haavardtun  skal på føremiddagsøkta presentera Hordaland fylkeskommune sitt utbyggingsprogram i skulesektoren.

Avtale frå 1983
Venskapsavtalen med Orknøyane var den første Hordaland fylkeskommune oppretta. Det skjedde på Voss i 1983. Avtalen vart fornya i 2003.

Kontakta
Utvekslinga mellom Hordaland og Orknøyane har særleg omfatta ungdom og har hovudsakleg skjedd innan kultur og undervisning. I 20 år har det årleg kome to elevar frå Orknøyane og hit til eit skuleår ved Voss folkehøgskule. Dei siste 16-17 åra har Hordaland sendt elevar til tilsvarande opphald på Orknøyane. «Ein  heil klasse» hordalendingar har såleis eit skuleår bak seg i venskapsfylket vest i havet.

Stanley Hauge 13.06.2008 15:46
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart