- E 39 handlar om å byggja landet

- Stortingspolitikarane ber om prioriteringar. Me har ein - og det er E39 Kyststamvegen, understreka leiar Gustav Bahus i Hordaland fylkeskommune sitt samferdselsutval under Vestlandsrådet si samling ”E39 Kyststamvegen – ein føresetnad for nasjonal verdis

- E39 Kystamvegen handlar mest om å bygga ein arbeidsmarknad på Vestlandet som er stor nok til å konkurrera mot Oslofjordområdet. Skal vi klare det, må vi prioritere og bli meir synlege på nasjonalt plan.

Det var hovudbodskapen frå professor Victor D. Norman til konferansedeltakarane på Vestlandsrådet si samling ”E39 Kyststamvegen – ein føresetnad for nasjonal verdiskaping” i Oslo måndag 16. juni. Vestlandet har eit transportintensivt og konkurranseutsett næringsliv med høge transportkostnader.

Tydeleg artig å høyra på den tidlegare arbeids- og administrasjonsministeren sitt innlegg om E39, men det står att å sjå om stortingspolitikarane tek tak i utfordringane professor Victor D. Norman skisserte på Oslokonferansen om Kyststamvegen måndag 16. juni.

Visjon for Vestlandet
- E39 må løftast opp til eit nasjonalt prosjekt. Vi må konkretisere utbygginga ved å laga  ein visjon for Vestlandet, pedagogisk fortalt gjennom ein god historie i eit kortfatta dokument. Skal vi lukkast må vi få på plass ein samla forpliktande plan over 20 år, som ikkje er lang tid i denne samanheng, oppsummerte møteleiar Terje Vareberg, konsernsjef i SR-Bank.

 - Dette er Vestlandsrådet på sitt beste. Vi står samla om E39 Kyststamvegen. Vi treng 45 mrd. kroner. Vi har fått nye argumenter, nytt håp, mot og forsterka energi for å jobba systemastisk vidare for å få på plass vår visjon om ein ferjefri Kyststamveg, avrunda leiar Torill Selsvold Nyborg i Vestlandsrådet.

 

Saman for E39 Kyststamvegen: Fylkesordførarane Nils R. Sandal (Sp) – Sogn og Fjordane, Olav Bratland (H) – Møre og Romsdal, leiar i Vestlandsrådet Torill Selsvold Nyborg (KrF) Hordaland, Tom Tvedt (Ap) – Rogaland og professor Victor D. Norman kjempar for visjonen om ein ferjefri Kyststamveg.

Tekst og foto: Simon Sortland 17.06.2008 17:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart