TT-kort mellombels ute av funksjon

TT-korta som funksjonshemma nyttar til fritidsreiser i Hordaland er diverre mellombelse ute av funksjon. Dette på grunn av ein feil i datasystemet til den danske leverandøren. Det blir no arbeidt for å rette opp feilen.

Feilen ligg i den danske datasentralen. To gonger i året, 1. januar og 1. året overfører Hordaland fylkerskommune pengar til brukarane. Men dei overførte pengane pr. 1. juli er ikkje blitt registrert på kontoen. Og difor er det heller ikkje pengar for sjåføren å trekke på kortet når det blir brukt.
Men brukarane av TT-korta skal framleis kunne bruke dei. Dei betalar 15 prosent som vanleg av det reisen kostar til drosjesjåføren og så blir resten gjort opp mellom drosjeiegaren og Hordaland fylkeskommune.

Transport for funksjonshemma er eit tilbod til innbyggjarar i Hordaland som på grunn av varig sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte det ordinære kollektive rutetilbodet.
Transportordninga femner om fritidsreiser, dvs reiser som ikkje fell inn under trygdeetaten sine ordningar, eller reglar om skuleskyss.

Bjarte Brask Eriksen 11.07.2008 15:13
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart