Svarfristen til vidaregåande skular utsett til 1. august

Svarfristen for 1. inntaksomgang til dei vidaregåande skulane i Hordaland er utsett til 1. august for dei som svarar pr. telefon og e-post. Men send helst svar på www.vigo.no – då er den utsette svarfristen 2. august kl. 23.59.

www.vigo.no
Svarfristen til vidaregåande skular etter 1. inntaksomgang i Hordaland var sett til 23. juli klokka 23.59 for å senda svar på www.vigo.no. Svarfristen er utsett til laurdag 2. august klokka 23.59.

Dei som ikkje har registrert svar på www.vigo.no før den utsette svarfristen går ut, vil utan nærare varsel mista tildelt plass og/eller bli strokne frå eventuelle ventelister.

Svarfrist pr. telefon og e-post: 1. august
Dersom du ikkje har høve til å svara på internett, kan du ringja inn svaret ditt på telefon 55 23 94 60 (telefontid 08.15-12.45)  eller senda e-post til postmottak.inntak@post.hfk.no. I begge høve må du opplysa brukar-id eller fullt fødsels- og personnummer, og svarfristen for registrering av slike svar er fredag 1. august.

Også ved desse svarmetodane er det slik at dei som ikkje har svara innan fristen, utan nærare varsel vil mista tildelt plass og/eller bli strokne frå eventuelle ventelister.

Nils Skavhellen og Stanley Hauge 23.07.2008 13:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart