Skyss overtek bussdrifta i fire sunnhordlandskommunar

Skyss overtek ansvaret for bussdrifta i kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Sveio frå 1. juli. Concordia Bus Norge AS skal køyre bussrutene etter å ha vunne anbodskonkurransen. 44 bussar blir sett i drift, av desse 35 nye. Nytt elektronisk billettsystem bli

Skyssbuss

Lik dekor på bussane
Skyss har ansvar for å hente inn anbod og å tildele kontraktar. Dette inkluderer ansvar for ruteplanlegging og utarbeiding av rutetilbodet, takstar og rabattar, sal og billettering, drift, kundeservice, marknadsføring og informasjon mot kundane. Alle bussane i fylket vil få lik Skyssdekor. Skyss får etter kvart ansvar for busstrafikken i heile fylket. Skyss starta 1. januar i år med Austevoll som pilotkommune.

Avtale til 2015
Etter ein anbodskonkurranse fekk Concordia Bus Norge AS kontrakt for å køyre bussrutene i kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Sveio. Avtalen varer til 2015. Gjennom avtalen med Concordia har Skyss sikra at kundane vil møte nytt bussmateriell i Sunnhordland. Totalt skal om lag 44 bussar køyre i trafikk i Sunnhordland, 35 av desse vil vere heilt nye bussar frå fabrikk.
• Dei nye bussane tilfredstiller avgasskrav Euro V (lågt utslipp av CO2 og NOX)
• Dei nye bussane representerer eit løft i standard for bussbrukarane i Sunnhordland
• Bussane i området rundt Leirvik vil vere såkalla lågentre-bussar. Desse bussane vil ha lett og god tilgang for alle. Også kundar med barnevogn og rullestolbrukarar vil ha enkel tilgang til desse bussane. Bussane som ikkje er levert nye frå fabrikk, vil vere lite ute i trafikk samanlikna med dei nye bussane.

Justeringar i rutetilbodet
Utgangspunktet for rutetilbodet i kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Sveio frå 1. juli er rutetilbodet som har eksistert fram til denne dagen. Det er gjennomført nokre mindre justeringar i delar av tilbodet som til dømes:
Ruter er slått saman i området rundt Leirvik
Gamle linje 673 og 677 er slått saman til ny linje 673
Gamle linje 675 og 676 er slått saman til ny linje 676
Rutene i Sunnhordland kan ein laste ned frå www.skyss.no, eller hente rutehefte på bussane i Sunnhordland.

Sommarruter
Skyss har sommarruter med redusert tilbod i perioden 1. juli til 15. august. Dette er også som tidlegare. 16. august startar haustrutene med normalt tilbod.

Dialogmøte
I forkant av at bussruteproduksjonen i Sunnhordland vart konkurranseutsett, inviterte Skyss alle kommunane i området til eit informasjons- og dialogmøte. Skyss følgde dette opp med på nytt å invitere alle kommunane i Sunnhordland til informasjons- og dialogmøte no i forkant av oppstarten 1. juli. Rutetilbodet var tema på begge desse møta.
Skyss vil i forkant av ruteendringar bruke fakta frå marknadsundersøkingar og dialog med kundar for å kunne gjennomføre og prioritere endringar.

Skysskort
Skysskortet blir innført frå 1. juli i Sunnhordland. Skysskortet erstattar alle gamle reisekort (periodekort, verdi-, rabatt- og ungdomskort) for bussreiser i Sunnhordland. Skysskortet skal etterkvart gjere det enklere å reise med kollektivtransport. Alle over 16 år skal i desse dagar ha fått tilsendt eit brev frå Skyss med meir informasjon og bestillingsskjema for Skysskortet. Skysskortet blir sendt til kundar etter kvart som Skyss mottar bestillingar på Skysskortet. Etter ein overgangsperiode er det berre Skysskortet som er gyldig busskort for bussreiser internt i Sunnhordland. Skysskortet er alt innført for reiser i Austevoll. Kundane kan framleis også kjøpe enkeltbillettar hos sjåfør utan Skysskortet.

Bruk av periodekort og Skysskortet inn og ut av Skyssområde
Kundane kan reise med både gamle Periodekort, Studentkort og Ungdomskort og Skysskortet med reiseproduktet PeriodeSkyss eller UngdomSkyss mellom område der Tide og Skyss har ansvaret. Kundane må hugse kvittering for kjøpt kort/reiseprodukt dersom dei reiser inn og ut av Skyssområde.

Skysslogo

01.07.2008 11:13
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart