Klar auke
Fylkestinget vedtok i juni 2008 nye retningsliner som seier at det skal setjast av 1,2 % av entreprisekostnaden for nybygg og større tilbygg til kunstproduksjon. Etter det gamle reglementet frå 1987 låg kunstløyvingane på mellom 0,5 % og 1,0 %.
Også eldre bygningar
Fylkestinget seier i vedtaket sitt at forutan nybygg og større tilbygg, må også etablerte, eldre fylkeskommunale bygningar kunna få kunstnarleg utsmykking. Fylkestinget har bede administrasjonen om eiga sak der ein ser på ulike ordningar, til dømes fond, som kan opprettast for utsmykking av eldre fylkeskommunale bygg.
Føremål
Føremålet med den kunstnarleg utsmykkinga er å:
• medverka til å skapa eit trivelegare miljø for dei som arbeider i og besøkjer offentlege bygg.
• gje brukarane av bygget del i kunstnarlege opplevingar.
Retningslinene
Det skal nemnast opp eit kunstutval for kvart byggjeprosjekt.
Reglement for kunstnarleg utsmykking av fylkeskommunale bygg
Prosedyre for handsaming av kunstnarleg utsmykking
Første prosjekt
Planlegginga av Nordahl Grieg videregående skole er no i den fasen at eit oppnemnd kunstutval jobbar med saka og det er utlyst prekvalifisering til konkurranse med frist 1. september.
Invitasjon til prekvalifisering kunstnarleg utsmykking Nordahl Grieg videregående skole
Sjå også: Stor fylkeskommunal satsing på skulebygg og kunsnarleg utsmykking