Kranselag på skuletilbygg i Knarvik

– Dette blir eit svært stort framsteg for skulen, seier rektor Inge Alver. Til skulestart hausten 2009 får Knarvik vidaregåande skule eit nybygg på 3900 kvadratmeter i tillegg til ombygging av 1744 eksisterande kvadratmeter. Prisen er 140 millionar kroner

Fredag 4. juli blir det kranselag på nybygget på 3900 kvadratmeter til Knarvik vidaregåande skule. Det blir bygt saman med den eksisterande bygningen i bakgrunnen.
Fredag 4. juli blir det kranselag på nybygget på 3900 kvadratmeter til Knarvik vidaregåande skule. Det blir bygt saman med den eksisterande bygningen i bakgrunnen. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)

Taket tett til sommarfesten
Fredag 6. mars neste år blir 1. etasje i nybygget teke i bruk, mens 2. og 3. etasje i nybygget og ombygginga er klar til skulestart hausten 2009. Men kranselaget blir alt fredag 4. juli.
– Då skal taket på nybygget vere tett, og vi skal invitere alle arbeidarane på sommarfest. Alt går etter planen, opplyser overingeniør Ragnhild Aak Skajaa, som er byggjeansvarleg hos Eigedomssjefen i Hordaland fylkeskommune.

– Det gjev svært god økonomi for Hordaland fylkeskommune å byggje tilbygget til skulen, seier rektor Inge Alver.

God økonomi for fylkeskommunen
Rektor Inge Alver fortel at det er svært god økonomi for fylkeskommunen i utbygginga.
– I dag leiger vi nesten 2000 kvadratmeter i Knarvik Senter til svært høg pris, pluss senteravgifter, etc. I tillegg skal vi fase ut mellombelse bygningar og brakkar, slik at skulen ikkje blir vesentleg større, men fylkeskommunen får betre økonomi i å eige lokala sjølve.

Samanbygging
Nybygget blir bygt saman med den eksisterande bygningen på Juvikstølen (det tidlegare Lindås gymnas), mens delar av bygningane på Kvernhusmyrane (tidlegare Nordhordland vidaregåande skule) og på Juvikstølen skal ombyggast og rehabiliterast.
I første etasje i nybygget skal Avdeling for teknikk og industriell produksjon flytte inn 6. mars i 2009. Totalt ni klassar får plass i det som tidlegare heitte mekaniske fag og kjemi- og prosessfag.

– Det gjev svært god økonomi for Hordaland fylkeskommune å byggje tilbygget til skulen, seier rektor Inge Alver.

Gode og velutstyrte verkstader
– Vi får fire gode og velutstyrte verkstader, og skal bruke seks-sju millionar kroner på utstyr. Anboda er no ute. Utdanninga får svært gode forhold. Vi får mellom anna datastyrte maskinar som er av same type som blir brukt i industrien. Verkstadene vi flytter frå på Kvernhusmyrane er frå tidleg 60-tal, og mykje av utstyret er og like gammalt, sjølv om vi har fornya opp gjennom åra. Verkstadene vi flytter frå på Kvernhusmyrane skal vi byggje om til klasserom.

Alle klasseromma skulen leiger i Knarvik Senter går ut av bruk til neste sommar og blir erstatta av nye, moderne klasserom i den utvida skulen.

Tidsmessige lokale
2. etasje i nybygget skal få plass til Avdeling for design og handverk (tidlegare formgjevingsfag) med fem til seks klassar.
– Dei får tidsmessige lokale. I dag held dei til i Knarvik Senter. I 3. etasje i nybygget får vi spesialrom, nytt naturfaglaboratorium, eit rom for mediefag, pluss teorirom. Her skal vi og ha resepsjon og kontor for leiing og administrasjon, seier rektor.
I tillegg blir det ombygging av personalrom og kantine på Juvikstølen, og lærarane får større og fleire arbeidsplassar.

Alle klasseromma skulen leiger i Knarvik Senter går ut av bruk til neste sommar og blir erstatta av nye, moderne klasserom i den utvida skulen.

Auditorium med 170 plassar
Midt i den nye skulen blir det eit auditorium med plass til 170 personar.  Det er den gamle gymnastikksalen som skal byggast om og få sentral plass. Avdeling for tekniske allmennfag (TAF) skal flytte frå Knarvik senter til nye klasserom på Kvernhusmyrane. Elektroavdelinga som no er delt opp på fleire stader, blir samla i nye klasserom og verkstader på Kvernhusmyrane
2. og 3. etasje i nybygget og all ombygging skal vere klare til skulestart hausten 2009.
I dag har skulen undervising i 11 forskjellige bygningar. Frå skulestart neste haust blir undervisinga konsentrert om tre hovudbygningar.

Ikkje ut over drifta
Rektor er nøgd med at byggjearbeidet ikkje har gått ut over drifta av skulen.
– Dei har halde på med anlegget i eitt år, og det har vore separat frå den eksisterande bygningen. Vi har høyrt smell frå skytinga, men elles har vi ikkje merka stort til byggjearbeidet.

Positive overraskingar
Utbygginga har ført til positive overraskingar for rektor.
– Vi er svært nøgd med arkitektfirmaet Rambøll Norge AS og løysinga dei har laga. Og den som er ansvarleg i arkitektfirmaet er ein tidlegare elev her ved skulen, sivilarkitekt Torill Tverberg. Eg hadde ho faktisk som elev då ho gjekk her! Og den som er ansvarleg hos firmaet som har administrativ byggjeleiing, Fylkesnes AS, er og ein tidlegare elev her, ingeniør Geir Hansen, så vi har svært hyggjelege byggjemøte. Eg vil og rose kontaktpersonen vår på Eigedomsseksjonen, Ragnhild Aak Skajaa. Ho har lagt energi i dette, og vi har godt samarbeid, seier rektor.

– Dette er ”indrefileten” i Knarvik, seier rektor Inge Alver om skulebygningen på Kvernhusmyrane. Planen er å selje bygningen og flytte all aktivitet opp til Juvikstølen.

Bergen på 2. plass
Skulen har i dag 900 elevar i 62 klassar. Fullt utbygt aukar klassetalet til 65 med totalt 1035 elevar.
– Vi får flest elevar frå Lindås kommune, men Bergen kommune er på 2. plass framføre kommunar som Radøy og Meland. I fjern fortid reiste folk herfrå til byen, men no er det omvendt.
Talet på tilsette vil og auke noko frå 160 i dag. 120 av desse er lærarar.

– Dette er ”indrefileten” i Knarvik, seier rektor Inge Alver om skulebygningen på Kvernhusmyrane. Planen er å selje bygningen og flytte all aktivitet opp til Juvikstølen.

Her kan Knarvik Senter utvide
I følgje vedtak i fylkestinget skal skulen på Kvernhusmyrane på sikt seljast, og Knarvik vidaregåande skule skal samlokaliserast på Juvikstølen.
– Skulen på Kvernhusmyrane er indrefileten i Knarvik. Dette er den einaste tomta som Knarvik Senter kan bruke når dei skal utvide. Men fylkestinget har ikkje sagt nokon tidsfrist for når all aktivitet skal lokaliserast til Juvikstølen, opplyser rektor Inge Alver.

Bjarte Brask Eriksen 03.07.2008 15:26
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart