Innleia ny samferdsleepoke i Sunnhordland

Concordia Bus overtok 1. juli busskøyringa i kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Sveio etter ein lang epoke med HSD og Tide. Skyss-direktør Oddmund Sylta (t.v) og leiar i samferdsleutvalet, Gustav Bahus, overrekte Kulturhistorisk vegbok og Hordaland fylkesk


Nøgde med markeringa av ny samferdsleepoke i Sunnhordland. Frå venstre: Oddmund Sylta (direktør i Skyss), Hans Kristian Engum (personal- og kvalitetsdirektør i Concordia Bus Norge AS), Gustav Bahus (leiar i Samferdselsutvalet i Hordaland fylke), og Sigbjørn Framnes (driftssjef i Concordia Bus Sunnhordland).

Skyss-direktør Oddmund Sylta ynskte pressa og dei spesielt inviterte gjestene velkomen til markeringa på Vabakkjen på Stord i ein splitter ny klasse 1-buss. Han la vekt på det historiske og møtet med framtida når brukarane i Sunnhordland møter noko heilt nytt etter ein mannsalder med HSD.

 Historisk dag
- Dette er ein historisk dag både for Skyss, Concordia og innbyggjarane i Stord, Sveio, Fitjar og Bømlo. Med nye ruter, nytt billettsystem, nye bussar og heilt nytt operatørselskap vi audmjuke overfor utfordringane og den oppgåva som ventar oss. Skyss og Concordia Bus har heile tida hatt eit godt samarbeid, og saman skal me skapa eit godt produkt vi vonar innbyggjarane i Sunnhordland vert nøgde med. Sjølv om det er første gong Concordia er på Vestlandet, er det ein proff aktør som overtek etter Tide. Med alle bussar i rute kan me gleda oss i dag, sa Sylta.

Sjåfør Harald Eide nøgd med splitter ny buss på første arbeidsdag for Concordia Bus AS.

 


Toppmoderne cockpit i nyebussane.

 

 

- Vi kan berre takka for tilliten og stadfesta at samarbeidet med Skyss har vore og er godt, repliserte personal- og kvalitetsdirektør Hans Kristian Engum i Concordia Bus Norge AS. Vi set inn 36 nye bussar og har åtte ”reservebussar”, og med blant anna mange tidlegare sjåførar frå Tide er vi godt rusta til å møta utfordringane.

Vil gå seg til
Engum rosa den lokale leiinga med driftssjef Sigbjørn Framnes i brodden for arbeidet i den hektiske og intense innspurten før overtakinga tysdag morgon 1. juli. Framnes takka og la til at uroa mange føler ved alle omstillingar er noko dei tek på alvor, men har stor tru på at dei skal klare å gjere skeptikarane sine spådomar til skamme.  

- Mange var og er skeptiske til konkurranseutsetjing av bussdrifta, men det set nettopp krav til materiell, miljø og universell utforming som er til det beste for brukarane. Det er også eit økonomisk incitament for å skapa eit betre kollektivtilbod, som er det me freistar å skapa, sa leiar i samferdsleutvalet, Gustav Bahus. Han understreka også at alt nytt treng noko tid til å kome skikkeleg i gang.

Ei nyvinning pålagt ved lov frå januar 2008 er integrerte barneseter i klasse 2 bussane. – Dette er me verkeleg glade for, seier personal- og kvalitetsdirektør Hans Kristian Engum og hovudverneombod Helge Myhre i Concordia Bus Norge AS.


Tillitsvalde i Concordia Bus Norge AS som var med på markeringa meinte selskapet vil gå seg til i Sunnhordland også. Rådet frå hovudtillitsvald Sverre Eliassen var å ta sjåførane og den lokale leiinga med på råd for å løysa dei problema som vil kome undervegs, særleg i oppstarten.

 

 

Tillitsvalde i Concordia Bus Norge AS meiner selskapet vil gå seg til i Sunnhordland. Frå venstre: Sverre Eliassen (HTV/NTF), Helge Myhre (HVO/NTF) og Hans Vilhelmshaugen (HTV/YTF).

 

Direktør Oddmund Sylta i Skyss overrekker Kulturhistorisk Vegbok til personal- og kvalitetsdirektør Hans Kristian Engum i Concordia Bus Norge AS under markeringa på Vabakkjen tysdag. Gustav Bahus (midten), leiar i Samferdselsutvalet i Hordaland fylke.

 

Meir om saka:
Sunnhordland: Fylket skyssar folket
innsida.no: Skyss/Concordia er i gang på Stord
Haugesunds Avis: Ny drakt, same billettkø



 

02.07.2008 14:47
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart