– Eg er svært stolt og glad, seier rektor Anna-Bodil Tislevoll etter at ein av hennar tidlegare elevar ved Fitjar vidaregåande skule, Geir Skeie (28), er blitt europameister i kokkekunst. Konkurransen gjekk i Stavanger, og Skeie konkurrerte med 19 andre k
– Jippi! sa Skeie til NTB etter at kokkesigeren var i hamn. Skeie gjekk til topps i den prestisjetunge konkurransen med rettene «Laks Austevoll» og «Lam Fitjar». Menyen er ein hyllest til heimstaden hans Fitjar. Han laga vinnarmenyen i alt 15 gonger for å førebu seg til europameisterskapen.
Ikkje overraska
Rektor Tislevoll fortel at Skeie var elev ved skulen for om lag 10 år sidan.
– Alt den gongen utmerka han seg, og vi er ikkje overraska over at han har nådd så høgt. Alt før han byrja hos oss, visste han at han ville bli kokk. Han har jobba målretta, seier rektor og legg til at mange andre elevar ved skulen har nådd høgt i kokkekunsten.
– Utdanninga vår i kokkefaget ligg heilt på topp. Vi oppmodar elevane våre om å reise ut i verda for å lære. Vi har i dag samarbeid med Genova og Cardiff, seier rektor Anna-Bodil Tislevoll.
VM i Frankrike
Under konkurransen i Stavanger deltok fleire frå skulen og heimbygda i heiagjengen.
Skeie er og tidlegare noregsmeister i kokkekunst. Neste dyst blir VM i Frankrike i januar neste år der kokker frå 24 land skal konkurrere. Til dagen er han kjøkkensjef på Midtåsen i Sandefjord.
Her er gullmenyen hans:
Forrett: Laks bakt i avokado og nori med eggeplomme «gribiche» og gravlaks sprøstekt med sylta grønsaker og eplepuré.
Hovudrett: Av det norske lammet trylla Skeie fram ein hovudrett med sadel og lår i eitt med estragon og rotfrukter, lammerull med aprikos, lammepølse og glasert brissel og lammenyre og løk. Kunstferdig garnityr høyrde sjølvsagt med til begge rettene.