– Fjord 1 må straks sikra full kapasitet og regularitet Halhjem-Sandvikvåg

Det er uhaldbart at ei av dei tre ferjene Halhjem-Sandvikvåg er innstilt heile døgeret og at Fjord 1 ikkje kan garantera at dette ikkje kan skje på nytt dei neste vekene. Dette er heilt uakseptabelt for trafikkantane, og Fjord 1 må omgåande syta for full

Fjord 1 må omgåande syta for full kapasitet og regularitet i sambandet Halhjem-Sandvikvåg, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Fjord 1 må omgåande syta for full kapasitet og regularitet i sambandet Halhjem-Sandvikvåg, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Sjukemeldingar
Mannskapsmangel grunna uventa sjukemeldingar i ferietida er Fjord 1 si forklaring på at ei ferje må innstillast. – Eg forstår at sjukemeldingar kan skapa problem, men dette er ein risiko som selskapet må ha topp beredskap for også i ferietida, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Innstilte ferjeavgangar fører til auka vente- og resietid og påfører næringstransporten ekstra kostnader.

Innstilte ferjeavgangar fører til auka vente- og resietid og påfører næringstransporten ekstra kostnader.

Problem og ekstra kostnader
– Det er ikkje akseptbelt at Fjord 1 kuttar ei av tre ferjer i dagevis. Dette fører til problem med lengre vente- og reisetid både for næringstransporten og privatreisande. Dei reisande vert misnøgde og frustrerte, seier fylkesordføraren. – Situasjonen påfører også næringstransporten ekstra kostnader.

Taper omdømme
Den aktuelle situasjonen svekkjer omdømmet til Fjord 1. Og når slikt stadig gjentar seg går det også ut over omdømmet til E39 Kyststamvegen som ei sikker transportåre med topp regularitet.

Vegvesenet må på bana
Eg oppfordrar Statens vegvesen som oppdragsgjevar for Fjord 1, til å syta for at selskapet omgåande får alle tre ferjene i drift i samsvar med ruteplanen, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Stanley Hauge 23.07.2008 13:27
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart