Måndag 28. og tysdag 29. april inviterer Hordaland fylkeskommune, i samarbeid med Eidfjord kommune, til årets tettstadkonferanse på Vøringsfoss Hotel i Eidfjord. Hovudtema vert "Den inkluderande staden".

Tettstaden Utne i Hardanger
Det er alt gjort avtale med ei rekkje interessante innleiarar, m.a. med tema:
* Korleis drive gode samarbeidsprosessar for å utvikle attraktive og inkluderande lokalsamfunn som også kan trekkje til seg nye innbyggjarar - og gjere dei til engasjerte aktørar?
*Korleis verkar utforminga av dei fysiske/estetiske omgivnadane inn på oss?
Målgruppe
Målgruppe er alle som er interesserte i utvikling av tettstadar og lokalsamfunn: politikarar og tilsette i kommunar og fylke, regionråda, statlege og regionale organ, næringsdrivande, fagfolk, frivillege organisasjonar og enkeltpersonar.
Program kjem seinare
Det endelege programmet vil vere klart for utsending i månadsskiftet februar/mars, men set av dagane 28. og 29. april alt no!

Konferansen blir skipa til i Eidfjord

Turistbåt i Eidfjord