Stønad til kulturføremål i 2008

Hordaland fylkeskommune vil i 2008 gje stønad til ålmenne kulturføremål og til særleg tiltak for born og unge. Søknadsfristane for begge desse tilskotsordningane er 1. mars og 15. september.

Kven kan få tilskot?
Berre tiltak med verdi for heile eller delar av fylket vil få stønad.

Ålmenne kulturføremål
 • Kulturtiltak som har verdi for heile fylket eller større delar av det.
 • Stønaden skal gå til prosjekt og aktivitetar.
 • Tiltak med verdi for heile fylket eller større delar av det blir prioritert.

Søknadsskjema for elektronisk søknad

Søknad sendt pr. post, adresse

Tiltak for born og unge (aktivitetsstønad)
 • Mildar til lag, organisasjonar, grupper og andre som skipar til barne- og ungdomstiltak i Hordaland.
 • Tiltak med verdi for heile fylket eller større delar av det blir prioritert.

Søknadsskjema for elektronisk søknad

Søknad sendt pr. post, adresse

For begge tilskotsordningane
Søknadsskjema kan ein òg få ved å venda seg til:
Hordaland fylkeskommune
Kultur- og idrettsavdelinga

Kontoradresse: Agnes Mowinckelsgt. 5

Postadresse:  Postboks 7900, 5020 BERGEN
Tlf. 55 23 91 85 
Fax 55 23 91 99

E-post: kultur@post.hfk.no

Tilskotsordningar – oversikt
Samla oversikt over tilskotsordningar innan kultur og idrett i Hordaland

Tildeling
Tildelinga skjer ved politisk handsaming i kultur- og ressursutvalet, vanlegvis i april og oktober.

Stanley Hauge 30.01.2008 10:03
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart