Vedtaket vart gjort med ni (H, Frp, KrF, Sp) mot seks (Ap, SV, V) røyster.
Fornminne
Det kan vera uregistrerte fornminne i området. Dersom det i samband med gravearbeid kjem fram funn eller konstruksjonar, må arbeidet straks stansast og fylkeskonservatoren få melding for ei nærare gransking på staden, jf. Kulturminnelova § 8, 2 ledd, heiter det i punkt 2 vedtaket som vart samrøystes vedteke.
Auka produksjon
Ved å byggja 7 inntak og ein felles 4,6 km overføringstunnel vil Sunnhordland kraftverk kunna auka produksjonen i kraftverka Blåfalli-Vik og Blåfalli III med til saman 65 GWh. Prosjektet inneber også etablering av tipp for tunnelmassar og veg fram til anleggsstaden.
Avvist forslag
Mindretalet støtta eit forslag frå Mette Holmefjord Olsen (SV) slikt punkt 1:
«Fylkesutvalet meiner at om anleggsvegen vert gjort mellombels og sådd til i etterkant og det vert teke omsyn til registrert tuft ved Vetrhusvatna, er overføring av øvre del av Eikemovassdraget akseptabelt når denne saka vert vurdert isolert. Fylkesutvalet er likevel uroa for at ein utbygging av fleire kraftprosjekt i og ved Eikemovassdraget kan verke øydeleggjande for det særmerkte kulturmiljøet i dalen, og vil be om at NVE handsamar prosjekta samla med særleg vekt på konsekvensar for landskap og kulturmiljø.»
Forslaget fekk seks røyster (Ap, SBV og V) og fall.
Pressemelding med fleire saker frå fylkesutvalet 24. jan. 2008 (rtf-fil)