
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg sa ho er stolt over den kollosale verdiskapinga Hordaland bidreg med under presentasjonen av Næringsbarometeret 2008.
Næringslivet i Hordaland og Sogn og Fjordane går på høygir, og dei gode tidene held fram i 2008. Bedriftene i privat sektor i dei to fylka hadde i fjor ein netto tilvekst på ca. 10 200 ansatte og planlegg ein endå større auke fram mot komande årsskifte. Nær 70 prosent av bedriftene budsjetterer med større omsetnad, og nesten 60 prosent tror lønsemda skal bli betre.
Rekrutteringsproblem
Næringsbarometeret gir status for dei ulike næringane i fylka og kva forventningar dei har til 2008 med omsyn til utvikling i antal tilsette, omsetnad, investeringar og lønsemd.

I løpet av 2006 og 2007 vart 20 000 fleire personer sysselsatt i dei to fylka. I tillegg kjem veksten i tallet på tilsette i offentleg sektor. Arbeidsløysa i Hordaland er redusert til 1,5 prosent og i Sogn og Fjordane til 0,9 prosent. Den største uvissa framover er knytt til om trongen for meir arbeidskraft faktisk lar seg løysa. 40 prosent av deltakarane i bedriftsundersøkingan opplyser at dei har alvorlege problem med å rekruttere arbeidskraft som har den kompetansen bedriften har trong for.
- Tilgangen på arbeidskraft er vanskeleg, til dels svært vanskeleg. Vi henta nær 3500 nye utlendingar hit i fjor, og vi fekk mange fleire innvandrarar frå land utanfor OECD i arbeid. Dette tok eg opp i fjor, og er glad for at bedriftene er blitt flinkare på dette feltet, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. Likevel slit svært mange bedrifter med å skaffe nok folk.
- Jakta på talenta spissar seg til, seier avdelingsdirektør Kenneth Stien i NAV Hordaland.
Toppen ikkje nådd i Hordaland
Den viktigaste årsaka til at næringslivet i Hordaland går så det susar er at olje- og skipsrelatert industri opplever ordreboom, og at det vert bygd meir enn nokon gong. Kombinert med høgt forbruk i husholdningane gir dette ein svært god marknadssituasjon for det meste av næringslivet. Den siste bedriftsundersøkinga for Næringsbarometeret tyder på at dei gylne tidene held fram.
I bedriftsundersøkinga for Hordaland fortel 70 prosent av verksemdene at dei forventar høgare omsetnad i 2008 enn i fjor. Det er fleire bedrifter som trur på omsetnadsvekst i 2008 enn det var i undersøkinga som vart presentert ved inngangen til 2007. Over halvparten av bedriftene trur botnlina skal bli betre enn i fjor, medan berre 10 prosent gjer rekning med svakare lønsemd. 40 prosent seier dei skal auka sine investeringar, og 50 prosent vil halde desse på same nivå som i 2007.
Det store behovet for arbeidskraft har resultert i ein sterk auke i innvandringa til Hordaland. Frå 3. kvartal 2006 til 3. kvartal 2007 var netto innflytting frå utlandet til fylket på 3400 personer, dobbelt så mange som i dei 12 føregåande månadane. Mange kjem frå Aust-Europa for å arbeide.
Kollosal vekst
Veksten i talet på tilsette i private bedrifter i Hordaland var ca 9000 personar i 2007, og dette var i samsvar med bedriftene sine prognoser ved inngangen til året. I den siste undersøkinga reknar ein med netto bemanningsvekst på totalt 8 600 personar.
Innan finans, eigedomsdrift og forretningsmessig tenesteyting kan det verte skapt 2 800 nye arbeidsplassar, medan det i varehandelen vert rekna med trong for 1100 nye medarbeidarar. Innan bygg og anlegg reknar bedriftene eit bemanningsbehov på 900 fleire enn i 2007, det same som i industribedriftene.
Direktør Nina Broch Mathisen i Innovasjon Norge Hordaland kunne slå fast at 2008 vert eit nytt rekordår for petroleumsnæringane.
Selsvold Nyborg er stolt over den kollosale verdiskapinga Hordaland bidreg med. Ho lovar at fylkeskommunen fortsatt skal vere ein aktiv medspelar for næringslivet vårt.
- Gjennom fortsatt satsing på utbygging av vegnettet, solid utdanning av ungdomen vår og ei rekkje viktige utviklingsprosjekt, skal vi gjere vårt for at Hordaland blir best i landet, understreka fylkesordføraren.
NRK Hordaland Nettradio Morgonsending 16.01.08 kl. 08:05: Intervju med Torill Selsvold Nyborg
Om Næringsbarometeret
Næringsbarometeret er eit samarbeidsprosjekt mellom NAV, Innovasjon Norge, NHO, Sparebanken Vest og fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Målet med undersøkinga er å kartleggje næringsutviklinga i dei to fylka. Næringsbarometeret blir utgjeve to gongar kvart år. Vinterutggåva vart offentleggjort i dag.
Bedriftsundersøkinga i Næringsbarometeret vert gjennomført av Asplan Viak, delvis i tilknyting til NHO sitt Økonomibarometer. Bedriftsundersøkinga som vart gjennomført i oktober/november 2007 omfamna 1382 verksemder i alle delar av næringslivet, med 1034 i Hordaland og 348 i Sogn og Fjordane.

Samarbeidspartnarane bak Næringsbarometeret. Frå venstre: Lise Haaland Eriksen, prosjektleiar Asplan Analyse, Torill Selsvold Nyborg, fylkesordførar i Hordaland Fylkeskommune, Tom Knudsen, regiondirektør NHO Hordaland, Kenneth Stien frå NAV, Jan-Per Styve, nærings- og strategidirektør i Hordaland Fylkeskommune, Nina Broch Mathisen, direktør Innovasjon Norge Hordaland, Henning Nordgulen, direktør Sparebanken Vest og Liv Næss, informasjonsrådgjevar Sparebanken Vest. (Foto: Anne Urdal, Sparebanken Vest).
Opningstalen Næringsbarometeret januar 2008.pdf
Næringsbarometeret 2008.pdf
Bergen Næringsråd: Næringslivet går så det suser…