Ny OT/PPT-leiar i Hordaland

Nina Ludvigsen er tilsett som ny leiar for OT/PPT-tenesta i Hordaland frå 1. januar i år. Bakgrunnen hennar er mellom anna åtte år i det vidaregåande opplæringssystemet.

Nina Ludvigsen er ny leiar av OT/PPT-tenesta i Hordaland
Nina Ludvigsen er ny leiar av OT/PPT-tenesta i Hordaland. (foto: Bjarte Brask Eriksen).

Ludvigsen kom frå stillinga som regionleiar for Region Sør, ein av dei fem regionane til OT/PPT-tenesta i Hordaland, ei stilling ho har hatt dei siste fem åra. Før det var ho tre år ved Opplæringsavdelinga som kontorsjef og rådgjevar.

Distriktsarbeidssjef
Bakgrunnen hennar elles er mange år som distriktsarbeidssjef i Aetat, dessutan halvtanna år i Bergen kommune som personalsjef då bydelsreforma starta som prøveprosjekt i Arna bydel.

Tilbod til alle
OT/PPT-tenesta i Hordaland har om lag 40 tilsette og er delt inn i fem regionar. Klientane er all ungdom frå 16 år og oppover.
– Så lenge dei har rett til vidaregåande opplæring, har dei rett på tenestene våre. Vi arbeider for at dei som sluttar skulen eller står i fare for å slutte, skal få eit tilbod, seier Ludvigsen.

Skal hjelpe så tidleg som mogeleg
Etter at Kunnskapsløftet vart innført er OT/PPT-arbeidet gått over til å bli meir førebyggjande.
– Vi freistar å kome inn så tidleg som mogeleg for å hindre fråfallet i skulen. Det er spennande med Kunnskapsløftet og at vi skal vere i forkant med kompetansen skulen treng av oss. Det er ei utfordring å samarbeide både med skulane og heile NAV-systemet. Vi har mange samarbeidspartnarar, og gjennom samarbeid med andre gjev vi dei unge hjelp og viser veg vidare. Dette kan vere opplæring eller kvalifisering for jobb, seier den nytilsette OT/PPT-leiaren Nina Ludvigsen.

Trappa ned
Tidlegare leiar av OT/PPT-tenesta i Hordaland, Sigrid Andersen, fylte 60 år i fjor haust og har trappa ned og blitt seniorrådgjevar ved OT/PPT-tenesta.

Bjarte Brask Eriksen 16.01.2008 09:14
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart