Olav H. Hauge sitt dikt "Draumen" vart framført på engelsk av Nobelkomite-leiaren Ole Danbolt Mjøs. (Foto: Simon Sortland)
- Mi utfordring til alle ordførarane og fylkesordføraren i Hordaland er å melda dykk inn i Mayors for peace of the world, for tida leia av ordføraren i Hiroshima. Det viktigaste er ikkje å bli samde, men å få ein diskusjon om globalisering og fredsarbeid.
Eg seier med fredsprisvinnar biskop Desmond Tutu: ”You are the rainbowpeople of the world”. I alle høve her på Vestlandet.
Med sitt enorme engasjement, humor og sine analyser framstod leiar i Den norske Nobelkomite, Ole Danbolt Mjøs, som reine folketalaren under fylkesordføraren sitt Nyårsmøte 2008 i Bergen. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg var vert for møtet som er eit samråd mellom sentrale aktørar innan politikk, nærings- og samfunnsliv, forsking og utdanning.

Stortingsrepresentantane for Hordaland var spesielt inviterte, og heile 12 av 15 stilte på møtet som samla over 160 deltakarar under kyndig leiing av fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen. På biletet Ingebrikt Sørfonn (KrF), Olav Akselsen (Ap), Øyvind Halleraker (H, delvis skjult) og Torbjørn Hansen (H). (Foto: Simon Sortland)
Blant deltakarane var medlemene i Hordaland fylkesutval, ordførarar i Hordalandskommunar, leiarar ved utdannings- og forskingsinstitusjonar i Hordaland, statlege kontor i fylket, organisasjonar og større verksemder, og fylkesadministrasjonen.

- Me må ha mobilitet innan vår eigen region skal me kunne klare å konkurrera mot andre, også i vårt eige land. Difor er det no det gjeld å stå på for Nasjonal Transportplan, opppmoda stortingsrepresentant Øyvind halleraker (H). Til venstre for han sit regionleiar i NHO Vest, Tom Knudsen. (Foto: Simon Sortland)

- Det er vanskelegå koma heilt fersk inn i dette selskapet med drevne ordførarar, konstaterte Radøy sin nye ordførar Jon Askeland. (Foto: Simon Sortland)
Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, funderte over politikkens hovudkorridorar og irrgangar sett frå media sin ståstad. (Foto: Simon Sortland)

Høgre-leiar Erna Solberg påpeika at det ikkje er pengar det står på i dag, men folk. - Vi må skaffa meir arbeidskraft no ved å få teke i bruk meir av dei ressursane som 700 000 personar som står utanfor arbeidslivet i dag har. Solberg utfordra både kommunane og Hordaland fylkeskommune til å ta større tak i dette problemet. (Foto: Simon Sortland)

- Me må vera verdsleiande på ein måte som me ikkje skammar oss over seinare, meiner Bjørgvin-biskop Ole D. Hagesæther. (Foto: Simon Sortland)

- Nyårsmøtet er blitt ein flott tradisjon og møteplass. Neste gong vert tysdag 6. januar 2009, så set av datoen allereie i dag, oppmoda fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. (Foto: Stanley Hauge).
Nyårsmøte 2008-program.pdf
Talar og føredrag under Nyårsmøtet 2008:
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg sin tale.pdf
Nytt frå Stortinget - viktige saker for Hordaland 2008 ved stortingsrepresentant Olav Akselsen (Ap).ppt (Foto: Simon Sortland)
Innovasjon i Hordaland i kjølvatnet av såkornfond ved styreleiar Jan Einar Greve i Sarsia.PPT
Næringsanalysen for Hordaland

Bergen og Hordaland - eit sterkt lag ved ordførar Gunnar Bakke.ppt
(Foto: Simon Sortland)
Bergen - ambisjonar og utfordringar i 2008 ved byrådsleiar Monica Mæland.ppt
(Foto: Simon Sortland)

Globalisering - utfordringar og moglegheiter for næringslivet ved NHH-rektor Jan I Haaland.ppt (Foto: Simon Sortland)
Mediaklipp:
Sunnhordland: – Positive tonar frå Bergen
BT: Biskop går god for gasskraftverk
innsida.no: – Mange utfordringar for Hordaland i 2008
innsida.no: Jondalstunnelen i fylkestinget i mars
Hardanger Folkeblad: Bra for Hordaland, dårleg for Hardanger
BA: - Store mengder ubrukt arbeidskraft
Sogn Avis: Til kamp for dyslektikere