
I panelet deltok opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld (t.v) i Hordaland fylkeskommune, rektor Inge Alver ved Knarvik vidaregåande skule, prosjektleiar Åse Fretheim i Senter for yrkesrettleiing i Hordaland, og regiondirektør Norvald Thue i Skanska Norge/styreformann i Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg i Hordaland.
Meir og tettare samarbeid mellom fagopplæringa i den vidaregåande skulen og næringslivet. Å auka kompetansen hjå lærarar og instruktørar. Gje tidlegare og betre rådgjeving i ungdomsskulen. Slik ynskjer skule og næringsliv at ein ved framlegging av Næringsbarometeret 2009 skal sjå eit langt betre resultat.
Tøft møte med arbeidslivet
Deltakarane i bedriftsundersøkinga i Næringsbarometeret vart spurt om dei opplever at lærlingane har jobbrelatert kunnskap på det nivået som er rimeleg å venta. 40 prosent svara at dei er svært lite eller lite fornøgd med kompetansenivået til lærlingane. I byggfaga er 45 prosent misfornøgde og i industrien 42 prosent. Kvifor er bedriftene misnøgde, var innleiingsspørsmålet frå debattleiar Hans Wilhelm Gullestad.
- 40 prosent er eit veldig høgt tal, og problemet har ein samansett årsak. Lærlingane er ikkje førebudde på kva som møter og vert forventa av dei når dei kjem frå skulen til næringslivet. Dette går på haldningar og disiplin, og mange har rett og slett valt feil yrke, meiner regiondirektør Norvald Thue i Skanska Norge.
Styreformannen i Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg i Hordaland la til at undervisninga no er meir teoretisk lagt opp, og lærlingane vert mindre teknisk anlagt enn dei var tidlegare. Han skulda også delvis på at vi no har ein bruk og kast mentalitet, medan vi tidlegare reparerte ting.
Debattleiar Hans Wilhelm Gullestad.
Styrkar yrkesrettleiinga
Prosjektleiar Åse Fretheim i Senter for yrkesrettleiing i Hordaland peikar på at rådgjevarane i ungdomsskulen har ein svært vanskeleg jobb. Ein føresetnad for at lærlingebedriftene skal bli nøgde er at elevane har valt rett fag i 10. klasse. Ho opplyste at kring 25 prosent av elevane finn ut at dei har valt feil fag.
- Elevane må få informasjon om utdanningar og yrker før valet tas, helst i grunnskulen, og i alle høve før dei kjem i vidaregåande skule og skal ut i lærlingebedrifter. Vi hadde over 200 møter i fjor, i samarbeid med 50 verksemder der næringslivet fortel kva dei forventar av lærlingane og at skulefaga er viktige for utøvinga av yrket.
Fretheim meiner fylkeskommunen har teke denne utfordringa på alvor, og trur resultatet neste år vil bli langt betre enn i dag når elevane våre har gått gjennom programmet.
Breidde før spesialisering
Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld i Hordaland fylkeskommunedrog opp dei store linene i tidlegare og dagens utdanningssystem som eit samla Storting står bak, og understreka særleg det langsiktige perspektivet. Med Reform 94 og Kunnskapsløftet satsar ein på breidde i kompetansen, etter ei erkjenning av at dei jobbane vi skal leva om 15-20 år ennå ikkje er skapt. Arbeidstakarane må skifta jobb 3-4 gongar i løpet av yrkeslivet og omskulerast.
- Tala i Næringsbarometeret overraskar oss litt, for i ei stor undersøking for eit par år sidan, der 1100 lærlingar og 600 instruktørar deltok, kom det fram at berre sju prosent var misnøgde med motivasjonen og læringsevna hjå lærlingane, opplyste Fjeld.
- Eg vart også overraska over at 40 prosent er misnøgde, og det er direkte pinleg. Men bilete er noko meir nyansert, meiner rektor Inge Alver ved Knarvik vidaregåande skule. Ikkje minst er det heilt ulike typar lærlingar som går ut i bedriftene no enn dei som gjekk ut før Reform 94. Før var dei fagarbeidarar med spesialkompetanse som vart sendt ut etter yrkesopplæring frå dag ein i den vidaregåande skulen. I dag må dei ha evne til å omskulera seg, og breiddesatsinga har gått på kostnad av spesialiseringa då spesialiseringa først byrjar på VK2, påpeika han.

- Sats på kvalitet
- Vi må våge å dyrka fram einarane også i norsk skule, noko nasjonalpolitiske føringar til no ikkje har tillete, påpeika direktør Tor Aase Johannessen ved NHH sitt masterprogram. Han meiner dei stadige nye reformane i skuleverket har svekka utdanninga, og at kvar utdanningsminister synest mest oppteken av å etterlata seg sitt ”monument”.
Thue sine råd for å bøta på problema er at ein startar i ungdomsskulen, oppgraderar utstyrspakken i vidaregåande skule og hevar kompetansen til lærararane for å få betre kvalitet på undervisninga. Fjeld var samd i dette, og la til at ein no også startar med eit stort program for å heva kvaliteten hjå lærlingeinstruktørane i næringslivet. Å skapa gode kontaktfora mellom næringslivet og skulen for å fanga opp behova og raskt kunne tilpassa utdanninga er Alver sitt mantra.
Direktør Tor Aase Johannessen ved NHH tok til orde for å satsa på einarane i skulen også.
- Å starta med programvalfag slik at elevar frå 8. klasse vert kjend med utdanningar i vidaregåande skule, yrkesretningar og kjennskap til næringslivet er vegen å gå. TAF-ordninga gjev våre elevar ein dobbeltkompetanse, både almennkunnskap og fagarbeidar når dei har fullført skulen, avrunda rektor Alver.
NRK Vestlandsrevyen 16.01.08 kl. 18.40: Lærlinger kan for lite