– Det er første gong ein elev frå allmennfagleg har vunne prisen for den beste forsideideen til søkjarkatalogen, sa inntaksleiar Nils Skavhellen då han overrekte gåvesjekk på 4000 kroner til Ståle Nissen Hjertnes på Langhaugen.

Ein sers nøgd Ståle Nissen Hjertnes med sjekk på 4000 kroner for forsida til søkjarkatalogen. Nils Skavhellen (t.v.) og Jo Gjerstad plukka ut vinnaren. (Alle foto: Tormod Valaker)
Kvart år har elevar frå teikning, form og farge stukke av med sjekkane til Skavhellen som takk for forsida på katalogen. No var turen komen til ein feststemt gjeng i klasse 3d med bollar og jus for å feire klassen sitt midtpunkt. For Ståle Nissen Hjertnes sin illustrasjon av tenkaren kjem dei næraste dagane ut i heile 28.000 eksemplar. Alle 10. klassingar og og alle på Vg1 og Vg2 får kvart sitt eksemplar.
Femti forslag
Komitéarbeidet har veteranane Jo Gjerstad frå Bodoni Hus og Skavhellen stått bak. – Vi fekk inn om lag femtiforslag i år, og var aldri i tvil om vinnaren. Ståle sitt forslag utmerka seg, sa Gjerstad, som skrytte av idé og utføring.
Om framtida
Sjølv fekk kunstnaren ideen heime på pc-en. – Det skulle handle om framtida, og det har eg freista å skape, sa vinnaren, som vert BI-kandidat til hausten.

Ståle Nissen Hjertnes og klasse 3d feira utmerkinga.