– Dette er svært spennande. Eg trur at eg skal lære ganske mykje, seier assisterande rektor Anne de Lange som er ei av 23 kvinner i Hordaland som tek utdanninga ”Female future” for å kvalifisere seg til leiarposisjonar og styreverv.

Assisterande rektor Anne de Lange ved Bergen maritime videregående skole og Bergen maritime fagskole (t.h.) er ei av 23 kvinner i Hordaland som skal kvalifiserer seg for styre- og leiarverv. Initiativtakarar er Nina Brock Mathiesen i Innovasjon Norge (f.v.), Hilde Indresøvde i Hordaland fylkeskommune, Tom Knudsen i NHO og prosjektleiar Elisabeth Jebsen Marek. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
23 kvinner
”Female future” er det nye leiarutviklingsprogrammet for kvinner i Hordaland i regi av NHO med støtte frå Innovasjon Norge og Hordaland fylkeskommune. 23 kvinner frå 19 bedrifter er fylket deltek.
– Det var rektor som sa at dette må eg vere med på. Javel, sa eg, seier Anne de Lange ved Bergen maritime videregående skole og Bergen maritime fagskole og legg til. – Det er gode tema vi skal ta opp. Dette skal bli gøy. Programmet går over eitt år med kurs og samlingar, og jobben min går som vanleg.
Gode røynsler
Regiondirektør i NHO, Tom Knudsen, opplyser at programmet starta på landsbasis i 2003 og at dei har gode røynsler.
– Bedriftene nominerer kvinnene, og vi har ei styringsgruppe som vel ut. Dette er skreddersydd kompetanseheving. Over dei neste to åra skal 500 kvinner over heile landet bli klare for leiaroppgåver og styreverv, seier Knudsen.
Finansiering
Leiarutviklingsprogrammet er finansiert gjennom eigendel på 20.000 kroner. I tillegg betalar Innovasjon Norge 250.000 kroner, og Hordaland fylkeskommune og NHO betalar 200.000 kroner kvar.