
Mange spørsmål frå eit fulltallig pressekorps
til samferdsle-
minister Liv Signe Navarsete (t.v) og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under markeringa av byggjestart for Bybanen måndag.
Det var reine 17.-maistemninga utanfor Rådhuset måndag då samferdsleminister Liv Signe Navarsete la ned grunnskinna for den nye Bybanen. Fylkes- og kommunepolitikarar, samferdsletoppar, Bybanen-tilsette og mannen i gata stimla om kvarandre mellom hornmusikk frå Bergen brannvesens musikkorps og eit massivt medieoppbod. I 2010 skal første steg av Bybanen frå sentrum til Nesttun vere klar.
- Ingen andre byar i Norge har våga noko liknande, og me gler oss trass alle utfordringane me står føre. Me har tru på Bybanen som eit kjempespennande og vellukka prosjekt, sa byråd Monica Mæland før ho overlot ordet til samferdsleminister Liv Signe Navarsete.
Miljøvennleg turistattraksjon
- Med Bybanen vil Bergen bli ein betre og trivelegare by å bu i, slo samferdsleminister Navarsete fast. Betre luftkvalitet, mindre støy, meir flytande og rask trafikkavvikling vert gevinstane. Bybanen kan også bli ein ny turistattraksjon for Bergen, trur Navarsete.
Samferdsleminister understreka vidare at Bybanen er eit langsiktig og godt prosjekt, og ho utfordra andre norske byar til å satsa like tøft som bergensarane. Det er eit førebilete på byutvikling, og er eit bidrag i den globale miljøkampen. 
- Eit godt samarbeid mellom Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune er heilt avgjerande, avrunda samferdsleminister Liv Signe Navarsete før ho overvåka fire staute karar frå Bybanen som la ned den første symbolske skinna til Bybanen.
Grunnskinna for Bybanen lagt ned av samferdsleminister Liv Signe Navarsete.
BT: - En merkedag for Bergen
BA: - Bybanen blir en turistattraksjon
Bergen kommune: La ned grunnskinnen for Bybanen