«Helleren» stakk av med sigeren

Prosjektet «Helleren» vart samrøystes kåra som det beste utkastet i plan- og designkonkurransen for den nye vidaregåande skulen og nytt hovudanlegg for symjing og stuping på Nygårdstangen.


Slik ser arkitekten for seg den nye vidaregåande skulen og hovudanlegg for symjing og stuping på Nygårdstangen. (Ill: KHR Arkitekter AS)

Torsdag vart fellesprosjektet til over 900 millionar kroner mellom Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune presentert i fylkeshuset. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, idrettsbyråd Henning Warloe, eigedomssjef Helge Haavardtun i Hordaland fylkeskommune, idrettsdirektør Rune Titlestad og prosjektleiar Rune Breistein frå Rambøll presenterte vinnarutkastet og orienterte om prosessen vidare for eit fulltallig pressekorps. Mange representantar frå idretten og fylkesutvalet var også med på den historiske hendinga.

Presentasjon av Helleren.pdf 

Framtida
- Bygget er svært funksjonelt og passar godt inn i miljøet rundt, meiner fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

- Dette byggeprosjektet er det største både i storleik og kostnad i Bergen på mange år. Saman med den nye brannstasjonen vil anlegget omforma området rundt Store Lungegårdsvann frå å vere byen sin bakgård til framtidas bydel, sa ein svært glad og entusiastisk idrettsbyråd Henning Warloe. Ikkje minst meinte han at symje- og stupeanlegget vert eit kvantesprang for symjeidretten.

- Innstillinga fra juryen, omarbeidde løysningar og gjennomføringsevna har vore avgjerande for val av prosjekteringsgruppe, opplyste juryformann Helge Haavardtun. Forslaget frå danske KHR Arkitekter AS med mottoet «Helleren» er vurdert som det beste tilbodet.

«Sydvest» var den andre finalekandidaten. Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune planlegg å inngå kontrakt med KHR. Avgjerda kan påklagast fram til 31. januar 2008.

Juryformann og eigedomssjef Helge Haavardtun i Hordaland fylkeskommune presenterte vinnarutkastet «Helleren».


Fakta: 

  • Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune har blitt samde om å samlokalisera bygginga av ny videregåande skule i sentrum og hovudanlegget for symjing og stup.
  • Partane skal eiga og driva sine sameigeseksjonar kvar for seg, og drifte felleslokala i samarbeid.
  • Tomta er lokalisert i nordre ende av Store Lungegårdsvann på austsida av Bergen Brannstasjon.
  • Oppstarten med utarbeiding av skisseprosjekt for anlegget startar 15. februar. Arbeidet med forprosjekt og detaljprosjektering skal vere sluttført 27. mai 2009. Framdrifta går no som planlagt.
  • Den vidaregåande skulen vil ha over 900 elevar og eit bruttoareal på 14.000 rutemeter. Det skal være innflyttingsklart 15. august 2011.
  • Symjeanlegget får 625 permanente tribuneplassar med høve for å utvida med 1000 ekstra ved store arrangement.
  • Byggjestart er planlagt 2. februar 2009. Den totale byggjetida vil vare i 35 månader.  
  • Symjeanlegget skal stå klart 1. desember 2011.
  • Totalkostnad er på 920 millionar kroner.
  • Totalt areal er på 26.182 rutemeter.

Juryen si grunngjeving

Modell av området der «Helleren» skal plasserast ved Store Lungegårdsvann.

Medieklipp:
BT: Her er vinneren
BA: Helleren ble enstemmig valgt
NRK Hordaland: Vinneren heter «Helleren»
Bergen kommune: «Helleren» for et svømmeanlegg!

 

Simon Sortland 25.01.2008 09:42
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart