
Første driftsåret – 2006 – vitja 14 500 personar Kabuso og i 2007 om lag 12 500. Det ligg lågare talet i fjor heng saman med at første ustillinga då opna først i mars.
Avtroppande fagleg leiar Knut Markhus er godt nøgd med dei to første driftsåra ved Kabuso. (Foto: Oddvar Soldal.)
Hirst samla flest
Damien Hirst si utstilling «Livet, døden og kjærleiken» er den største utstillingssuksessen i Kabuso så langt. På tre månadar i 2007 såg 4 250 personar Hirst sine arbeid.
Gjetord
– Etter kvart har det gått gjetord om akustikken i salen i Kabuso. Røynde musikarar vil gjerne koma attende. Slikt gler oss, seier Markhus.
Om sommaren både i 2006 og i fjor var det vellukka samarbeid med Troldhaugen og Edvard Grieg Museum om matinè-konsertar kvar sundag. Musikarane har konsertar både i Øystese og Bergen.
Kakaokonsertar
Markhus gler seg også over sitt eige hjartebarn, kakaokonsertane ein laurdag i månaden haust og vinter. Då vert kulturskular frå Hordaland inviterte, og unge utøvarar får elddåp på stor scene framfor ein endå større sal med publikum. Etterpå vert det servert verdas beste kakao.
Samarbeid, samarbeid, samarbeid
Det er lett å finna eit samlande omgrep for aktivitetane knytt til Kabuso. Markhus tek det opp att direkte og indirekte: Samarbeid både lokalt og med institusjonar og kunstnarar.
Lokalt går samarbeidet mykje på marknadsføring og å skaffa gjester til bygda og publikum til Kabuso.
– Det tek tid å innarbeida noko nytt, men me registrerer fleire busslaster og har fått ein god dialog med reiselivsnæringa. Samarbeidet i Hardanger og Voss Museum vil også ha mykje å seia, legg Markhus til.
Haust og vinter er ei god tid å få vitjing av grupper. Alt frå barnehagar til grupper frå Kunsthøgskolen i Bergen har hatt gode opplevingar i Kabuso.
Samarbeidet med skular er noko som berre er i starten.
Artikkel i Hordalandsnytt
Suksess med kunsthus i Kvam (pdf-fil)