Hordaland fylkesutval har løyvd 500 000 i driftstilskot for Vest Norges Opera.
Samordning tek meir tid
Fylkestinget har for 2008 løyvd 1,6 mill. kr til «Den nye opera» og har lagt til grunn at samanslåinga av Vest Norges Opera og Opera Vest var på plass frå årsskiftet. Opprettinga har teke noko meir tid enn det fylkestinget har føresett og dette skaper vanskar for m.a. Vest Norges Opera.
Fylkesrådmannen hadde på denne bakgrunn rådd til å gje tilleggsløyving på 500 000 kr. Denne tilleggsløyvinga vil hindra at Vest Norges Opera må gå til innskrenkinga i drifta no rett før ein skal gå inn i den felles regionale satsinga.
Avkorting i 2009
Fylkesutvalet seier i vedtaket at løyvinga kjem til avkorting i tilskotet til «Den nye opera» for 2009. Tilleggsløyvinga på 500 000 kr er den endelege ramma for fylkeskommunen sin medverknad til å retta opp situasjonen for Vest Norges Opera før ein går inn i den felles regionale satsinga.
Fylkesutvalet sitt vedtak var samrøystes.
Pressemelding med fleire saker frå fylkesutvalet 24. jan. 2008 (rtf-fil)