Hordaland fylkesutval rår samrøystes fylkestinget til å løyva 1 mill. kr til ny brannstasjon ved Stord Lufthamn og 420 000 kr til styrking av eigenkapitalen i 2008. Fylkestinget avgjer saka på møte 7. mars.
Luftfartstilsynet krev ny brannstasjon ved Stord lufthamn innan april i år. Kostnaden med ny stasjon er rekna til 10,6 mill. kr eks. mva. Stortinget har løyvd 7 mill. kr. Stord kommune og Hordaland fylkeskommune skal kvar yta 1 mill. kr og lufthamnselskapet har finansiert planlegginga med 0,6 mill. kr.

Flyplassjef Jan Morten Myklebust orienterte fylkesutvalet om situasjonen ved Stord lufthamn og opplegget for vegen vidare framover.
Eigenkapitalen til Stord Lufthamn må styrkjast i 2008. Av dei 2 mill. kr som skal skytast inn, vert det lagt opp til at fylkeskommunen skal løyva 420 000 kr. Summen er i tråd med at fylkeskommunen eig 21 % av aksjane i selskapet.
Luftfartstilsynet krev i tillegg til ny brannstasjon andre opprustingar som er stipulert til 12,2 mill. kr. Finansiering av desse tiltaka vert det arbeidd med.
Pressemelding med fleire saker frå fylkesutvalet 24. jan. 2008 (rtf-fil)