Etter eitt års prøveperiode vidarefører Hordaland fylkeskommune kulturkortet for ungdom. Nye kort og brosjyrar er på veg ut til ungdom via dei vidaregåande skulane i fylket. Ein viktig del av kulturkortordninga er større satsing på å engasjera ungdom via
Lenkje til Kulturkort for ungdom
Kulturkortet er gratis, og det vil gje ungdom i Hordaland gratis inngang på musea i fylket og rabattar, av varierande storleik, på ei rekkje andre institusjonar og arrangement i regi av ulike organisasjonar.
For unge 16-20 år
Kulturkortet er for ungdom i alderen mellom 16 og 20 år. Med kulturkortordninga ønskjer fylkeskommunen å gje unge betre høve til få kjennskap til eit breiare kulturtilbod, og til å nytta seg av andre tilbod enn dei alt gjer. Målet er at kortet skal vera ein døropnar inn i kulturinstitusjonane og kulturlivet i fylket. Ordninga er såleis også eit godt høve for kulturaktørar til å profilera seg og tilboda sine til ungdom og rekruttera nye publikummarar.
Fleire tilbod kjem
Kultur- og idrettsavdelinga i fylkeskommunen jobbar med å vidareutvikla kulturkortordninga. Aktuelle tiltak er å utvida ordninga med fleire samarbeidsinstitusjonar og -organisasjonar, spesialarrangement for ungdom, gje betre og meir spanande informasjon på nettsidene og gje ungdom betre høve til å sjølv å vera med på å utvikla ordninga. Eit særskild satsingsfelt er å få fleire samarbeidspartnarar rundt om i distriktet.