EU på dagsorden

EU-ambassadør Percy Westerlund vitja Bergen onsdag i samband med KS sin nye landsomfemnande møteserie om EU/EØS–programma. For første gong vart det gitt eit samla oversyn om kva moglegheitar kommunar og fylker har, og korleis programma kan bidra til auka


Spesialrådgjevar Kate Clarke ved Europakontoret i Hordaland fylkeskommune orienterte om dei fire Interreg-programma i EU. Hordaland er blitt nytt nasjonalt kontaktpunkt for Interreg/Nordsjøprogrammet.

Konferansen i regi av KS fokuserte på program som er retta mot kommunesektoren, ei spennande samling fagområder frå kultur og utdanning til innovasjon og regional utvikling. Her var det høve for medarbeidarar i kommunar og fylkeskommunar å møta folka bak programma, og knyta viktige kontaktar. Omlag 80 personar deltok på konferansen på Hotel Scandic Bergen City.

Viktig samarbeidspartnar
- Noreg brukar mykje pengar på samarbeidsprogram i EU. Skal me få god avkastning på desse pengane må me nyttiggjera oss programma. Det er difor eit spesielt ansvar for skular, kommunar og næringsliv å nyttiggjera seg av desse programma, slo statssekretær Øyvind Slåke i Nærings- og handelsdepartementet fast.

Han tok for seg regjeringa sin Europapolitikk, og minna om at EU sine 27 medlemsland utgjer vår viktigatse handelspartnar. 80 prosent av vår eksport og 70 prosent av importen er med EU. Noreg er altså nært knytta til EU utan å vere medlem, og samstundes vert EU ein stadig større og sterkare internasjonal aktør.

Statssekretær Øyvind Slåke i Nærings- og handelsdepartementet tok for seg Noreg sin Europapolitikk frå den same talarstolen han gjorde sin politiske debut frå i 1987.

Slåke understreka vidare særleg samarbeid, innovasjon, konnkurranseevne, forsking, miljø og livslang læring. Interreg-programma opnar for kreativitet og nyskaping, og det er allereie kome inn 480 søknadar for komande programperiode.

- Intet problem med Annerledeslandet
- Me snakkar no om eit regionane sitt Europa, der ein i framtida ser for seg at regionane vert viktigare enn nasjonalstatane i EU, sa EU-ambassadør Percy Westerlund i sitt innlegg ”Norsk engasjement sett frå EU”. Han tok for seg dei ulike felta der Norge engasjerer seg i EU, som til dømes gjennom EØS- og Schengen-avtalane. Westerlund peika på dei to partane sitt samarbeid i internasjonal fredspolitikk, klima- og miljø, og  kampen mot organisert kriminalitet, menneskehandel, narkotika og terrorisme.

- For første gong i historien vil den sitjande presidenten i EU-kommisjonen vitja Norge, om knapt fire veker. Dette i tillegg til at mange EU-kommisærer vitjar Noreg vitnar om det tette samkvemet. Eg trur folk flest i Norge er lite klar over kor stor integrasjonen med EU eigentleg er. ”Annerledeslandet Norge” er ikkje noko problem sett frå EU. Men Noreg sin lobbyverksemd for å få påverknad på politikken er som å springa maraton baklengs, meiner EU-ambassadøren.


Berre Bergen fekk vitjing av ambassadør Percy Westerlund av dei fire byane Trondheim, Bodø, Drammen og Bergen som stod på møtekartet. Her i samtale med fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.


Kontaktpunkt Hordaland
Hordaland er blitt nytt nasjonalt kontaktpunkt for Interreg/Nordsjøprogrammet. Det er spesialrådgjevar Kate Clarke ved Europakontoret på Strategi- og næringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune som er kontaktperson. Clarke presenterte desse fire programma i plenum, og etterpå i eit delseminar.

Her gjekk dei nærare inn på programma og sjølve søknadsprosessen. Denne biten tok spesialrådgjevar Tor Titlestad ved Kulturbasert næring i HFK seg av. Han har vore sentral i det vellukka prosjektet Nordsjøløypa, og hadde mange gode tips og råd. Hanhadde tidlegare presentert Nordsjøløypa - frå ide til prosjekt, i plenum.

 

 

 

 Spesialrådgjevar Tor Titlestad (t.v) ved Kulturbasert næring i HFK gjekk nærare inn på arbeidet med Nordsjøløypa - frå ide til prosjekt, i delseminaret om Interreg.

Andre delseminar var Innovasjon, næring og forskning ved Innovasjon Norge og Forskningsrådet. 
Kultur og Ungdom ved Kulturrådet og Aktiv Ungdom. Livslang læring ved SIU – Senter for internasjonalisering av høgre utdanning. Finansieringsordningane i EØS tok Lars-Erik Hauge frå Utanriksdepartementet og KS seg av.

- Strategisk satsing
- Bruk oss, og våg å satsa internasjonalt. Kanskje vil de oppleva å få langt meir tilbake enn de hadde våga å drøyma om, reklamerte direktør Merete Mikkelsen ved Vest-Norges Brussel-kontor. Ho tala varmt for deltaking i ulike EU-program.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg fulgte opp dette, og rosa fylkeskommunen sine medarbeidarar på Europakontoret. På konferansen sitt avslutningsinnlegg tok ho for seg europeisk samarbeid som strategisk satsing.

- Hordaland tek mål av seg til å vere den mest innovative regionen i Europa, og for å få det til må me samla kreftene, understreka Nyborg.

 

 

 

 

 

Direktør Merete Mikkelsen ved Vest-Norges Brussel-kontor freista med både europeisk og norsk sjokolade. 

Financial Times 5.12.07 - Doing business in the North Sea Region.pdf

 

Tekst og foto: Simon Sortland 31.01.2008 10:27
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart