– For første gong er forsida til Inntakskatalogen laga på PC og for første gong er det ikkje ein elev på formgjevingsfag som har vunne, opplyser inntaksleiar til dei vidaregåande skulane i Hordaland, Nils Skavhellen.

Rektor Egil Hovda ved Åsane videregående skole gratulerer Karoline Svendsen som vann konkurransen om beste forside til Inntakskatalogen til dei vidaregåande skulane i Hordaland. Inntaksleiar Nils Skavhellen (t.v.) som overrekte premien på 4000 kroner. (Alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
|
Den lykkelege vinnaren er Karoline Svendsen (17) i 1. klasse på helse- og sosialfag ved Åsane videregående skole. I nærvær av alle elevane på linja, lærar Grethe Lange Munch og rektor Egil S. Hovda, overrekte Skavhellen premien på 4000 kroner.
Fargar – Vi fall ned på teikninga til Karoline fordi katalogen kjem ut til sommaren, og då har vi mange fargar. Det er kjekt at ein elev på helse- og sosialfag går av med sigeren. Tidlegare er det berre elevar på formgjevingsfag som har markert seg, seier Skavhellen.
Gjort på tre timar |
 Karoline Svendsen laga forsida på skulen over tre timar i prosjektarbeid.
|
Karoline Svendsen brukte ikkje lang tid på å lage vinnarforsida.
– Vi har visuell kommunikasjon tre timar i veka, og eg brukte desse tre timane til å lage to utkast til forside. Alt saman er gjort på datamaskin. Eg bruktelitt tid på å finne ut kva eg skulle teikne, men vi fekk sjå nokre av tidlegare vinnarar før vi gjekk i gong, og eg såg at det var fargar juryen var ute etter. Eg likar å jobbe med dette, men det blir ikkje yrket mitt. Dette er fritid, seier Karoline Svendsen.
Visuell kommunikasjon
Lærar Grethe Lange Munch opplyser at klassen har seks timar prosjektarbeid i veka og at tre timar kvar veke blir nytta til visuell kommunikasjon.
Håpar inspirerer andre
Rektor Egil Hovda er lei for at estetiske fag er vekke frå allmennfag, og gjev difor honnør til læraren som let elevane få nokre timar i veka innan faget som prosjekt.
– Eg er glad for at ein elev hos oss markerer seg. Eg håpar dette inspirerer andre, seier rektor Egil Hovda.