Ynskjer direkte styrerepresentasjon i Den nye opera

Fylkesutvalet krev at deira føresetnader vert oppfylt for å godkjenne Den Nye Opera (DNO) som regionsopera, og oppmodar DNO om å endra vedtektene slik at fylkeskommunen vert gjeven direkte representasjon i styret. Dette var hovudpunkta i fylkesutvalet si

Den Nye Opera (DNO) er stifta av Bergen Filharmoniske Orkester, Den Nationale Scene, Festspillene i Bergen og Grieghallen AS. DNO er etablert som ei stifting, og stiftinga har no sendt ut framlegg til permanente vedtekter. Det er oppretta eit representantskap med 8 medlemer der fylkeskommunen skal vera representert med fylkesordføraren. Det er også lagt føringar for kven som skal vera vararepresentant. Representantskapet skal velja styret som er øvste organet i stiftelsen. Styret skal ha 4 – 6 medlemer der dei 4 stiftarane skal vera representert. Det var ikkje lagt opp til fylkeskommunal representasjon i styret.

Tilrådinga lyder slik:
1. § 4-2 vert endra slik at Hordaland fylkeskommunen på fritt grunnlag nemner opp sin representant og  vararepresentant i representantskapet.
2. § 3-1 vert endra slik at Hordaland fylkeskommune vert gjeven direkte representasjon i styret.
3. I føremålet for stiftinga bør ansvaret for ivaretaking og utvikling av det operamiljøet som er bygd opp regionalt koma klart til uttrykk.
4. Fylkesutvalet føreset at Den Nye Opera får eit permanent namn som speglar den rollen stiftinga skal ha som regionopera for Vestlandet. Det nye namnet skal med i vedtektene på ein tydeleg måte.
5. Fylkesutvalet ber stiftinga vurdera om offentleglova skal gjelda for stiftinga.

Utsetjing avvist
Eit utsetjingsframlegg frå Ap, SV, Sp og V fekk dei sju røystene til desse partia, men vart avvist då også 7 (H, KrF, Frp) – mellom dei fylkesordføraren – røysta mot utsetjing. Fylkesordføraren si dobbeltrøyst vart her avgjerande.

Fylkestinget skal handsama saka i møte 7. mars.

Lenkje
Pressemelding frå fylkesutvalsmøtet

Simon Sortland 14.02.2008 17:01
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart